Kommentar
Den nye forteljinga om Europa
Er det mogleg å fortelje historia om Europa utan å nemne kristendomens samfunnsbyggjande rolle?
Det er ikkje Europas historie som vert fortald i House of European History. Det er EUs noverande visjon som vert legitimert gjennom ei selektiv forteljing, skriv Eivor Andersen Oftedal.
Illustrasjon: House of European History
Kva er Europa? På eit eller anna vis er Europa sameina av ei felles historie. Europa voks fram på restane av Romarriket, og no kan ein kanskje seie at eit nytt Europa veks fram på restane av den kristne sivilisasjonen. Men når historia om Europa skal forteljast, er det ikkje opplagt at den samfunnsbyggjande rolla kristendomen har hatt, får nokon plass. Eg kjem tilbake til det. Fyrst ein tur til Utrecht i Nederland.
For nokre veker sidan, ein mørk og regntung sundags ettermiddag, stod eg utanfor katedralen i Utrecht. Dørene var stengde, men utanfor kyrkja fann eg ein kopi – i naturleg storleik – av Harald Blåtanns runestein frå Jelling i Danmark. Steinen som vart reist i Jelling i 965, er pryda med den eldste krossfesta kristusfiguren i Norden, medan danekongens anerkjenning av kristentrua er hoggen ut i runar.
I Utrecht minte steinen om korleis vikingane ein gong, eller helst mange gonger, kom nordfrå og herja i Frisland, men òg om korleis misjonærar herifrå freista å omvende det ville folkeferdet i nord. Ifølgje Alkuin, Karl den stores rådgjevar, var danskekongen meir grufull enn eit villdyr.
Den fyrste misjonæren som drog til Danmark, den tapre Willibrord, måtte gjere vendereis og døydde som biskop i Utrecht i 739. Men frøet var sådd. Steinen utanfor katedralen vitnar om korleis trua ein gong samla Europa og vende heidenskap om til kristendom. Sjølv Noreg vart med. Neste år feirar vi tusenårsjubileum på Moster.
Utrecht var for meg siste stopp på ein tur som hadde starta i Brussel. Eg drog til EUs administrative hovudstad for å sjå kva slags forteljing som der vart formidla om Europa. I EUs visjonære museum, House of European History, som vart opna i 2017, fann eg forteljinga som EU sjølv freistar å skape, og som no vert undervist til nye generasjonar europearar.
Det var ei forteljing som var ganske annleis enn den som Jellingsteinen vitna om. Kristendomen, som ein gong batt Europa saman, er her enkelt og greitt forlagt i fortidas arkiv. Årsaka er ikkje fyrst og fremst bevisst motstand, men forsøket på å finne noko som kan samle mangfaldet i det nye Europa. Og då vert det kanskje slik at historia må skrivast om?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.