Utanriks
Den nyreligiøse avantgarden
NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side er katolisisme siste skrik.
Teikning: May Linn Clement
Donald Trump seier at Kamala Harris er den mest antikatolske personen som nokon gong har stilt som presidentkandidat, i ein valkamp der spørsmål om den katolske kyrkjas rolle i politikken speler ei større rolle enn elles.
Delvis har dette å gjere med at høgsteretten, der seks av ni dommarar er katolske, sende abortlovane tilbake til delstatane. Delvis har det å gjere med ein kulturkrig i kyrkja, der fleire biskopar og moderate leiarskikkelsar føler seg skvisa ut av ei kjendisdriven og populistisk høgreside.
Det har oppstått ei splitting mellom den katolske kyrkja og «katolisismen som merkevare», meiner teologen Steve Millies. I april viste ei meiningsmåling blant katolikkar at Trump leia framfor Biden med 12 prosent, bratt opp frå berre 1 prosent i 2020.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.