Den nyttige dødsfienden

Kvifor lét statsminister Netanyahu Qatar sende ein milliard dollar til Hamas?

Statsminister Benjamin Netanyahu viser etterretningsbilete frå Gaza på eit møte med ambassadørar i Tel Aviv i 2021. Lenge såg det ut til at trusselen frå Hamas var til å leve med.
Statsminister Benjamin Netanyahu viser etterretningsbilete frå Gaza på eit møte med ambassadørar i Tel Aviv i 2021. Lenge såg det ut til at trusselen frå Hamas var til å leve med.
Publisert

I Gaza veks øydeleggingane dag for dag. Ifølgje palestinske kjelder har det israelske bombardementet teke kring 6000 liv til no. Etter terroråtaket på Israel 7. oktober lova statsminister Benjamin Netanyahu å knuse Hamas, og meiningsmålingar syner at ein klar majoritet av israelarane støttar ein invasjon av Gaza. Men samstundes kjem det òg hard kritikk mot regjeringa for å ha neglisjert trusselen frå Hamas. Det blir òg reist kritikk mot strategien til Netanyahu overfor islamistrørsla gjennom ei årrekkje. Netanyahu har vore statsminister i Israel i 13 av dei 14 siste åra, og kritikarane meiner han la til rette for at Hamas fekk byggje seg opp bak murane kring Gaza.

Dette verkar underleg, for den israelske statsministeren og Hamas har vore bitre fiendar. Kampane mellom Israel og islamistrørsla har kosta fleire tusen palestinske liv og eit hundretal israelske liv frå Hamas kom til makta i Gaza i 2006 og fram til terroråtaket denne månaden. Men forholdet har òg ei anna side.

Paradoks

«I over ti år har Netanyahu bidrege på ulike måtar til å styrkje den militære og politiske makta til Hamas», skreiv historikaren Adam Raz i avisa Haaretz 20. oktober. «Netanyahu støtta opp under Hamas i årevis», skreiv Tal Schneider i The Times of Israel 8. oktober.

Forklaringa på dette tilsynelatande paradokset? Hamas var «ein alliert mot trusselen frå diplomati, ei tostatsløysing og fred», skreiv journalist og historikar Gershom Gorenberg i The New York Times 18. oktober. Lenge såg Netanyahu og mykje av den israelske høgresida på Hamas som ein farleg, men nyttig fiende. Så lenge Gaza vart styrt av ei rørsle som ville øydeleggje Israel, og så lenge dei palestinske områda ikkje berre var fysisk åtskilde, men djupt splitta, kunne ingen krevje at Israel skulle forhandle om ei tostatsløysing. At Hamas gjekk rundt i Gaza som ein tiger i bur, at sivilbefolkninga der måtte lide under blokaden, og at folk i det sørlege Israel måtte leve med faren for rakettåtak, var til å leve med. Alternativet – ei meir moderat, samla styresmakt for båe dei palestinske områda – vart rekna som verre av Netanyahu.

Trusselen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement