Den perfekte spionen
Eit kraftfullt spionprogram blir brukt mot både statsleiarar, opposisjonelle og narkobaronar. Pegasus kan smyge seg inn i mobilen din utan å etterlate spor.
Israelske NSO Group står bak spionprogramvara Pegasus.
Foto: Sebastian Scheiner / AP / NTB
Mobiltelefonen er med oss overalt, og det gjer han til eit ekstra effektivt avlyttingsverktøy. Mobilen er eit ekstra auge og eit ekstra øyre, han kan sjå og høyre alt du gjer. I tillegg fungerer telefonen som eit ekstra minne – bilete, søkjehistorikk og personlege meldingar er lagra på han. Vi stolar på denne teknologien og matar han heile tida med sensitive opplysningar om livet vårt. Men som alle system har dingsane våre sårbare punkt. Og det er ikkje berre dei som er uforsiktige og klikkar på tvilsame lenkjer, som er utsette for risiko.
Dei mest avanserte formene for skadeleg programvare kan ta kontroll over telefonen din utan at du eingong merkar det. Dei nyttar seg av såkalla «zero-days» («nulldagar») – veikskapar i tryggleikssystemet til telefonen som er så nye at teknologiselskapa ikkje kjenner til dei. Apple, Google og Microsoft strevar konstant for å oppdage slike hòl før hackerar og dei som lagar spionprogram, gjer det. Og fremst på spionprogramvaremarknaden er det israelsk-
utvikla programmet Pegasus.
Pegasus vart for alvor kjent for ålmenta i fjor sommar. Avisa The Guardian avslørte at diktatur verda over hadde nytta Pegasus til å halde auge med opposisjonelle. Selskapet bak teknologien, israelske NSO Group, hevdar på si side at Pegasus medverkar til å avdekkje alvorleg kriminalitet og terrorisme. Men tidlegare i år vart det kjent at israelsk politi har nytta programvara til å spionere på israelske borgarar. Spionprogrammet har òg vorte nytta mot toppolitikarar og aktivistar i demokratiske statar – også i Europa.
CatalanGate
I april avslørte magasinet The New Yorker og Citizen Lab at telefonane til over 60 personar tilknytte den katalanske sjølvstenderørsla viste teikn på å vere infiltrerte av Pegasus. Avlyttinga skjedde i samband med den katalanske sjølvstendeavrøystinga i 2017. Valet vart seinare erklært grunnlovsstridig av spansk høgsterett, og i etterkant måtte fleire katalanske politikarar flykte frå Spania. Mellom dei var den tidlegare leiaren av delstaten, Charles Puigdemont, som no lever i eksil i Belgia. Han skal òg ha vore avlytta ved hjelp av Pegasus – til liks med den noverande katalanske leiaren Pere Aragonés.
Somme av metodane for å oppdage spionasjen kunne vore tekne rett ut av ein James Bond-film. I februar 2021 fekk Citizen Lab til dømes nyss om ein aktiv infeksjon på datamaskina til den katalanske aktivisten Joan Matamala. For å få ut mest mogleg informasjon om skadevara ringde forskarar ved Citizen Lab til aktivisten og bad han pakke inn datamaskina i aluminiumsfolie. Dette trikset gjorde at infiltratørane ikkje kunne trekkje seg ut av maskina, av di kommunikasjonen med serverane vart broten. Slik fekk forskarane for første gong fatt i kjeldekoden til programmet Candiru, laga av tidlegare tilsette i NSO Group.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.