Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den israelske innmarsjen i Rafah, området lengst sørvest i Gaza, har vore varsla i fleire månader. På måndag vart det alvor, etter at Hamas på søndag drap fire israelske soldatar ved grenseovergangen Kerem Shalom. Da kom flygesetlane og tekstmeldingane med ordre til over 100.000 palestinarar aust i byen Rafah og i landsbyar i nærleiken om å evakuere til eit område ved kysten i nord. Natt til måndag rykte israelske panservogner inn i området. Den israelske hæren (IDF) tok kontroll med stripa mot grensa til Egypt, inkludert sjølve grenseovergangen. I siste liten sa Hamas ja til eit forslag om våpenkvile lagt fram av meklarar frå Egypt og Qatar, eit forslag som innebar å lauslate nokre av dei attverande gislane. Våpenkvila vart avvist av den israelske regjeringa.
Truleg er langt over ein million menneske trengde saman i Rafah. Da Dag og Tid gjekk i trykken onsdag morgon, var det framleis uklart om dette er ein full invasjon eller ein meir avgrensa, innleiande operasjon. Mykje kan ha skjedd innan avisa kjem ut fredag. Dette er eit forsøk på å oppsummere kva som står på spel.
Raud strek
Det kan verke rart at Rafah har fått ein spesiell status i denne krigen. Øydeleggingane i Gaza er allereie kolossale, og det meste av infrastruktur på stripa er lagt i grus. Satelittfoto tyder på at over halvparten av alle hus i Gaza er skadde eller øydelagde. Ifølge helsestyresmaktene til Hamas er meir enn 34.000 menneske drepne og langt fleire skadde, og storparten av befolkninga er driven frå heimane sine. Ein invasjon av Rafah vil slik sett berre vere enda eit kapittel i tragedien. Og kanskje det siste kapitlet, dersom den israelske hæren kan vinne ein så knusande siger over Hamas at Netanyahu-regjeringa seier seg nøgd.
Men ved Rafah har det blitt trekt ei grense – ikkje av Netanyahu, men av andre aktørar. Ikkje berre har FN lenge åtvara om at ein invasjon av Rafah vil føre til fryktelege konsekvensar. Også ei rekke allierte av Israel har talt mot ein slik innmarsj. Seinast denne veka protesterte regjeringane i Frankrike, Jordan og Egypt. Mykje viktigare er det at den største israelsvenen av alle er svært skeptisk. President Joe Biden har kalla ein Rafah-innmarsj for «ein raud strek» som Israel ikkje måtte krysse. Seinast på måndag skal president Biden i ein telefonsamtale igjen ha bede statsminister Netanyahu om å droppe ein bakkeinvasjon av Rafah.
Tettpakka
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.