Den rustne kjempa
Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.
Tidspunktet for det tyske nyvalet kunne knapt vore verre: Tyskland er inne i andre året med resesjon, bilindustrien taper på den globale marknaden, eit samla næringsliv ber om føreseieleg og langsiktig politisk styring. Og likevel: Same dagen som det vart klart at Donald Trump blir USAs neste president, annonserte forbundskanslar Olaf Scholz at trepartikoalisjonen hans har brote saman. Nyvalet blir 23. februar.
Heilt overraskande var det rett nok ikkje. Regjeringa er historisk upopulær. Då ho tiltredde vinteren 2021, var det med eit ambisiøst reformprogram etter årevis med stillstand under Merkel. Nokre månader seinare invaderte Russland Ukraina.
Tyskland måtte omstille energiforsyninga frå russisk gass, energiprisane auka, og regjeringa måtte flytte fokuset over frå reform til krisehandtering. Regjeringa fekk fullført kring ein tredel av punkta i regjeringserklæringa. Til gjengjeld har ho tatt val som vil prege Tyskland i tiår framover – anten det gjeld opprusting av forsvaret, Bundeswehr, eller overgangen frå russisk gass til grønt hydrogen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.