Den særde og einvise Vinje-kopienA.O. Vinje og Tor Jonsson dyrka poetiske droser, men hadde vanskar med levande kvinner.
A.O. Vinje og Tor Jonsson dyrka poetiske droser, men hadde vanskar med levande kvinner.
Statuen i Sogn studentby i Oslo av den farande fanten som hengde ut vertskapen på Grut.
Foto: Roar Blåsmo-Falnes.
Vertinna er glad i Vinje. Derfor er ho misnøgd med det Spaltisten skriv om han i jubileumsåret. Ho liker ikkje maset om desse kranglane Vinje dreiv på med som bladmann. Ho ser det som tidtrøyte for folk som rotar i gamle arkiv for å setja historiske folk og meiningar i bås.
Vertinna meiner journalistikk er noko herk – nå som på Vinjes tid. Før såg ho alltid Dagsrevyen for å vera sakleg orientert om viktige hendingar i landet og den vide verda. Nå tar ho seg heller ein dupp klokka sju, for dei pålitelege programsekretærane er bytta ut med tabloide journalistar som tutar med dei andre ulvane for å finna sære vinklar på sladresaker, og syna fram enkeltmenneske som er uskuldige offer og burde ha vore verna mot seg sjølve. Og så dukkar det garantert opp minst eitt langt innslag som reklamerer for eit anna program på NRK. Vêret er viktig, men det kjenner ho på gikta, og vêrmeldinga får ho betre i lokalavisa. Der les ho elles dødsannonsane for å halda seg oppdatert om livets gang.
DET EINASTE Vertinna kjenner av Vinjes ferdaminne, er stykket om grauten på Grut, og det likar ho ille. Folket på Grut gjorde sitt beste for den farande fanten, men takken var at han hengde ut matstellet på garden til spott og spe. Slikt sårar eit vertskap.
Men Vertinna kan tilgje den vondskapsfulle Vinje for dikta hans, sjølv om alt vår store fader gjorde, ikkje var like godt. Somt var skrytande flautt og anna var flate høvesdikt – særleg i den språklege dansketida. Men det beste var særs godt: Kunnskap skal styra rike og land; No ser eg atter slike fjell og dalar; Den dag kjem aldri at eg deg gløymer. Og så er det Tytebæret oppå tuva, Lenda frå Land og Blåmann, Blåmann, bukken min. Det er så vent at det vil henne grøta, sjølv om ho er godt vaksen kvinne. Eller kan kanskje nettopp derfor: Vinje minner henne om barndommen, livet og gleda i naturen.
Det med Blåmann held Spaltisten med henne i. Når det ikkje var Fager kveldsol smiler, før grisen tok til å hyla, song eg Blåmann som kveldsong for deg og meg og barna. Men utgangen er jo trist, så eg har ikkje tal på dei nye versa eg måtte dikta til for at guten sin til slutt fann Blåmann sovande bak ein stein etter leiken. Eller at han av seg sjølv kom heim att til Gamle Lykle morgonen etter.
TOR JONSSON (14. mai 1916–11. januar 1951) er Vertinnas andre favoritt. Han gjekk rundt og kalla seg ein Vinje-kopi, men fekk det sjeldan heilt til. For Vertinna ligg det ein sår og bortgøymd tone og dirrar mellom henne og dei to.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.