Den seigliva æresvalden
Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.
Norskirakarar og norskiranarar protesterer mot æresdrap i Noreg, 30. april 2002, i kjølvatnet av drapet på Anoose Sediq Ghulam i Kristiansund. Den gongen mente demonstrantane at norske styresmaktar var heilt passive i møte med æresrelatert kriminalitet.
Cornelius Poppe
Den 24. januar melde NRK at 2023 var eit rekordår for såkalla æresrelatert kriminalitet, og lanserte ein Brennpunkt-dokumentar om temaet same dag.
Dokumentaren synte vonde historier. Jenter med innvandrarbakgrunn eit, to eller tre ledd bakover i tid vert utsette for alvorlege overgrep. Trugsmål, drap, mishandling. Kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Felles for overgrepa er at dei, ifølgje overgriparane, er naudsynte for å gjenreise familiens ære.
Spydspissen i æreskulturen er sosial kontroll, forma som vondsinna ryktespreiing. Omgrepet er uløyseleg knytt til ein streng seksualmoral. Det viktigaste er korleis jenter og kvinner representerer familien, dei ber æra til familien på skuldrene. I dei strengaste miljøa kan rykte om kontakt med motsett kjønn utan løyve vere nok til å generere represaliar.
Teikn i tida
Boka Æresrelatert kriminalitet, som Einar Haakaas melde i Dag og Tid førre veke, kom ut 19. mars. Ho er skriven av Terje Bjøranger og Gunnar Valentin Svensson, som har nærare tretti års erfaring med tematikken frå arbeidslivet. Svensson som politioverbetjent, Bjøranger som politiadvokat, begge med lang røynsle frå Kripos.
For ordens skuld: Vi intervjuar Bjøranger som forfattar, ikkje som representant for påtalemakta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.