Den store X i kamp om hegemoni

Elon Musk kom til oljehovudstaden, takka Noreg og sa det petroholikarane ville høyra.

Tesla-gründer Elon Musk i Stavanger i august i fjor.
Tesla-gründer Elon Musk i Stavanger i august i fjor.
Publisert

Det var ei varm og mørk natt. Grekarane har begynt å spara på utelyset, så den månelause himmelen var uvanleg stjerneklar og overveldande.

Slikt skaper age, ærefrykt og djup vørdnad. Det stemmer til ettertanke om dei store spørsmåla i eksistensen, i fortid, samtid og framtid. Kva laga fortidsmenneske seg av mytar og forteljingar med utgangspunkt i skiftingar på stjernehimmelen? Kva gav det av makt til prestar og herskarar?

Navigering, teleskop og romfart har avmystifisert himmelen som kvelvar seg over oss, men stjernene er stadig dragande og fantasieggande. Men kva vil skje framover: stjernekrig, militarisering, kolonisering?

Mens me sat og håpa på stjerneskot, leita me fram stjernebilde, ungdommen på nettet og Spaltisten med rudimentære minne om plansjane i læreboka om astronomi i det vesle tilleggsfaget på gymnaset som me kalla himmelgeografi.

Det er 88 stjernebilde, men me kom ikkje lenger enn til seks av dei sju stjernene i Karlsvogna, Store Bjørn, Vesle Bjørn, Orions belte, Nordstjerna over oss og Mjølkevegen bak oss. Og sidan dette var i Hellas: den klassiske favoritten Kassiopeia.

Da med ett der blev å skue. Det er Grundtvig med deilig er den himmel blå ved midnattstid, men her er teksten i Hovdens umsetjing om ein ny konge utan like som skulle fødast på vår jord, og vise menn koma til honom for å bøya kne:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement