Kommentar I Ole Jan Larsen
Den tause moskeen
Tawfiiq Islamsk Senter, som har over 7000 medlemer og får over 10 millionar kroner i statsstøtte, er vanskeleg å få i tale.
Moskeen Tawfiiq Islamsk Senter er ein maktbastion i det norsksomaliske miljøet. Moskeen ligg i Åkerbergveien på Grønland i Oslo. Leiinga i moskeen er ikkje interessert i å stille opp i intervju.
Foto: Ole Jan Larsen
Norsksomaliarar kjem dårleg ut på fleire statistikkar i Noreg: inntekt, butilhøve, skuleresultat, kriminalitet og arbeidsløyse. Dag og Tid har i fleire artiklar det siste året skrive om desse utfordringane, og har òg sett søkjelys på at mange somaliske barn og unge ufrivillig må opphalda seg i kortare eller lengre periodar i eller i nærleiken av heimlandet til foreldra på Afrikas horn.
For mange norsksomaliarar som er fødde og oppvaksne i Noreg, er dette dramatiske og traumatiske røynsler. Det kan øydeleggja ein god oppvekst, og det kan hindra sjansen til utdanning og eit godt liv i Noreg.
Å ta frå menneske grunnleggjande rettar gjennom sosial kontroll og tvang er kriminalitet og bryt med grunnleggjande rettar. Det bur rundt 44.000 norsksomaliarar i Noreg. Kva kan vera grunnen til at pilene ikkje peikar i rett retning, etter årelang innsats for å få til ei god integrering i det norske samfunnet?
Maktbastion
Eg har i lang tid prøvd å få representantar for landets største moské, Tawfiiq Islamsk Senter (TIS), til eit intervju om utfordringane som den somaliske befolkninga i Noreg står overfor. Moskeen ligg på Grønland i Oslo og har rundt 7100 medlemer. Dermed er det liten tvil om at moskeen har ein sentral posisjon i det somaliske miljøet.
Kva tenkjer leiarane i moskeen om utfordringane? Etter å ha freista å koma i dialog med leiinga i TIS via e-post, SMS og telefon og ved å oppsøkja moskeen fleire gonger, er konklusjonen at moskeen ikkje ønskjer å svara på spørsmål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.