Politikk
Den totalitære kommunismen
Raudt-leiaren Marie Sneve Martinussen bør lesa seg meir opp på historia til kommunismen før ho prøver å ufarleggjera kva det inneber å kalla seg kommunist.
Nazismen, kommunismen og fascismen var diktatoriske rørsler som delte forrykte mål og ekstreme verkemiddel for å nå dei.
Raudt-leiaren Marie Sneve Martinussen sa til NRK i pinsehelga at det er uproblematisk å kalla seg kommunist. «I Raudt kan ein kalla seg kommunist, sosialdemokrat, feminist, anarkist eller bassist (...). Det å definera seg som kommunist er ikkje noko problem i seg sjølv.»
Å ufarleggjera omgrepet kommunisme slik Martinussen her gjer, er å slå strek over det kommunismen har stått for i praksis. Kallar ein seg kommunist, har ein ikkje skjøna kor totalitær og valdeleg kommunismen var frå fyrste stund. Å gjera kommunismen uproblematisk og romantisk er ikkje berre naivt, men farleg, og syner ein mangel på respekt for alle dei millionane av menneske som er drepne i namnet til kommunismen.
Kommentaren på NRK reiser spørsmålet om ein partileiar og ein stortingsrepresentant sitt tilhøve til ideologiske grunnomgrep. Då kan det vera på sin plass å minna om den store debatten i det tjuande hundreåret, med rot i 1917, om demokrati, revolusjon og kommunisme.
Vi har mange døme på kor viktig namngjevinga er for vår forståing av samtida. Den britiske historikaren Eric Hobsbawm (som var kommunist) kalla til dømes tida frå 1914 til 1989 «det korte hundreåret» og «ekstremismens hundreår». Slike samanfatningar fangar opp mykje innsikt.
Ei militaristisk, valdsmetta, hypernasjonalistisk, viljesfundert, antidemokratisk og til dels machoorientert rørsle voks ut av Versailles-freden i dei slegne landa og Russland. Bak stod ein ny totalinvaderande stat fødd av krigen.
Drivkreftene til tidsånda var mange: Industriell planlegging av våpenproduksjon ned til detaljnivået – det var eins i alle dei krigførande landa. Nitid kartlegging av alle våpenføre menn, rasjonering og nye propagandaformer saman med innrullering av kvinnene i produksjon og distribusjon, la grunnen for ei ny stats- og samfunnsform. Ei ny og til då ukjend mobilisering av dei breie massane, politisk, økonomisk og ikkje minst kulturelt, var grunntanken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.