Den ufullenda planen til Jacques Delors
Den sams valutaen i EU skulle berre vere starten på ein verkeleg føderasjon.
Ingen president i EU-kommisjonen har brukt posisjonen sin meir effektivt enn Jacques Delors gjorde. Biletet er frå 1994, året før han gjekk av.
Foto: Reuters / NTB scanpix
Knapt nokon einskildperson har prega EU så sterkt som Jacques Delors, som var president for Europakommisjonen frå 1985 til 1995. Delors var den store pådrivaren for både den indre marknaden og for den monetære unionen som var grunnlaget for innføringa av euroen. Medan utviklinga av EF-samarbeidet i dei første tiåra hadde vore prega av små steg, var Delors ein tilhengar av store sprang.
Både den indre marknaden og den monetære unionen skulle bidra til å skape vekst i Europa etter stagnasjonen i 1970- og 80-åra. Å fjerne handelshindringar av ymse slag innanfor EF var relativt liketil, men ein valutaunion var verre. I 1970-åra hadde kommisjonen fått laga tre rapportar som greidde ut spørsmålet om ein slik union. Alle konkluderte med at sams valuta føresette ein langt tettare føderasjon, med felles skattar og eit mykje større felles budsjett enn det EF hadde i 70-åra. Og noko slikt var politisk umogleg.
Jacques Delors vart leiar for kommisjonen i 1985, og han såg annleis på saka. Det var fullt mogleg å starte med pengeunionen og byggje ut dei andre føderale strukturane etter kvart, meinte han. Ved avgangen sin i 1995 slo han fast at Europa var på ein irreversibel veg mot ein sams valuta. Og den sams valutaen var ikkje berre essensiell på grunn av dei fordelane valutaen kom til å gje i seg sjølv, sa Delors, «men fordi han ikkje kan eksistere utan motstykket sitt i ei europeisk regjering».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.