Politikk
Den utdaterte loven
Abortutvalet tilrår å vrake heile dagens abortlov.
Hausten 2018 vart det demonstrert mot innskrenkingar i abortloven etter at Erna Solberg hadde opna for abortforhandlingar med KrF. Framover kan det verte meir strid om abortloven.
Foto: Trond Reidar Teigen / NTBFoto: Trond Reidar Teigen / NTB
Like før jul la abortutvalet fram rapporten som tilrår å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 av svangerskapet. Utvalet føreslår òg å avvikle dagens abortnemnder og erstatte dei med eit nytt nemndsystem som skal ta avgjerder om abort etter 18. svangerskapsveke og avgjerder om såkalla fostertalsreduksjon, som vil seie abort av eitt eller fleire – men ikkje alle – foster i eit fleirlingsvangerskap.
Men utvalet gjer langt meir enn å tilrå endringar i loven. Det går inn for å vrake heile dagens abortlov – kvar einaste paragraf – og erstatte han med ein ny som er betre tilpassa dagens samfunn. «Dagens abortlov er utdatert», heiter det i rapporten.
Mangelfull lov
At loven, som i stor grad har stått uendra sidan han vart vedteken i 1975, ikkje er heilt oppdatert, er ikkje overraskande, heller ikkje nytt. Det var nett det som var bakgrunnen for diskusjonen om fosterreduksjon for nokre år sidan: Fertilitetsbehandlinga som aukar sjansen for fleirlingsvangerskap, kom til Noreg nokre år etter abortloven, og loven frå 1970-talet sa såleis ikkje noko særskilt om fosterreduksjon før i 2019, då Erna Solberg hadde fått KrF med i regjeringa mot lovnader om å gjere endringar i abortloven.
At abortloven er mangelfull, kan også lesast ut av rapporten frå Kvinnehelseutvalet frå mars i fjor. Den slo fast at det var behov for betre oppfølging av kvinner etter abort, og at eit stortingsvedtak frå 2020 om å sikre slik oppfølging, ikkje var gjennomført i praksis.
Men nøyaktig kor lite i takt med tida både loven og praktiseringa av loven er i dag, overraska til og med Kari Sønderland – jurist og tidlegare ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet – som har leidd abortutvalet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.