Kommentar

Den vegen høna sparkar

Om det kjem ein ny pandemi, er det ikkje ideelt at ein vaksine­skeptikar og vitskapsfornektar er helseminister i USA.

Publisert Sist oppdatert

For fem år sidan spreidde covid-19 seg over verda, tok millionar av liv og sende verdsøkonomien ned i kneståande. No er det dei stadige mutasjonane til fugleinfluensaviruset som skaper uro. Dei siste åra har viruset blitt oppdaga i fleire pattedyrartar og ser òg ut til å kunne smitte mellom pattedyr. Det nye episenteret for fugleinfluensaen er USA, med nær 1000 tilfelle av smitte til mjølkekyr det siste året.

Faren for at dette skal bli ein pandemi blant menneske, er framleis liten, meiner Centers for Disease Control and Prevention, folkehelseinstituttet i USA. Men politikken gjev no ekstra grunn til uro. President Trumps helseminister Robert F. Kennedy jr. har sidan januar vengeklipt institusjonar med ansvar for pandemiberedskap og svekt det internasjonale helsesamarbeidet alvorleg.

Dødeleg

Fugleinfluensaen er i seg sjølv gammalt nytt. Virusvarianten kalla H5N1 vart først oppdaga i Guangdong-provinsen i Kina i 1996. Sidan da har influensaen teke livet av millionar av fuglar verda over, frå Arktis til Antarktis. Mange ulike pattedyr har òg blitt smitta og døydd av H5N1 – inkludert nesten 500 individ av menneskearten.

Heldigvis har viruset enno ikkje mutert til ein variant som smittar effektivt frå menneske til menneske. Men om så gale skulle skje, kan resultatet bli den verste pandemien verda har sett. Covid-19 har teke kring sju millionar liv. Spanskesjuka som braut ut i 1918, den verste influensapandemien i historia, tok kanskje livet av 50 millionar menneske, og kan ha hatt ein dødsrate på 2–3 prosent. Når menneske har blitt smitta av H5N1, har oddsa vore langt verre: Av 971 kjende smittetilfelle fram til januar i år, enda heile 467 med døden, ifølge tal frå WHO.

Mutasjonslotteri

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement