Sideblikk
Denne medievridde valkampen
Kritikk av Støre-regjeringa er ein grunntone, sjølv om journalistane er venstrevridde.
Partileiarar møtte journalistar etter partileiardebatten frå Bergen i TV 2 tysdag denne veka.
Foto: Tuva Åserud / NTB / POOL
Kvar valkamp har sin eigen dynamikk, men den nye medierøyndomen har endra logikken. Fleire aktørar er konstant på ballen i sosiale og usosiale medium, i redaktørstyrte og ustyrlege kanalar. Gjennomstrøymingstempoet aukar med medieflaumen. Partiapparat og politikarar mistar kontroll over den skiftande og mediestyrte politiske dagsordenen. For partia er stort oppslåtte skandalesaker distraksjonar som avsporar debatten om program og sentrale spørsmål i kommunevalet.
Takt og tone skiftar stadig, planar må leggast om frå gjennombrotshissige angrep til vaklande forsvar og omvendt. «Saker» som kjem og går, får stor merksemd og dominerer nyhendebildet og ordskiftet nokre dagar. Dei kan forsvinna raskt, men om dei treffer ein nerve, kan dei gjera inntrykk heilt fram til valurnene. Derfor må partia henga seg på stemningsbølgjene for ikkje å hamna i bakevja.
FLEIRTALET AV NORSKE journalistar er venstrevridde, frå det grøne sentrum og utover mot venstre. Mange av dei har vore aktive i politiske ungdomsrørsler, særleg dei som skriv om politikk. Det er ein ståande spøk på mediesamlingar at det burde kvoterast inn Frp-sympatisørar i politisk journalistikk og underhaldningsprogram – om dei kan finnast.
Men det ideologiske opphavet er ikkje lett å spora i klare sympatiar og antipatiar som gir seg utslag i journalistikken. Dei aller fleste konverterer til den dominerande og einaste akseptable ismen: journalismen. Samfunnsoppdraget er å vera kritisk til makta og avsløra tvilsam praksis som rammar enkeltmenneske. Verkemidla er å overraska og skapa temperatur ved å spissa til, personfokusera og polarisera. Og lauget jagar i flokk, når dei er mange nok, for å grava fram fleire såra.
Dette er ekstra tydeleg når det handlar om den til kvar tid sitjande regjering. Då skal nokon i posisjon stillast til ansvar og gjerne måtta gå av.
DETTE LANDSKAPET er så forvirrande at sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten har funne det turvande å senda ut ei fråsegn til tingarane over temaet: «Har Aftenposten en politisk agenda når vi velger saker og vinklinger?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.