Departementa neglisjerer lov og pålegg

Anniken Huitfeldt (Ap) sende som kultur-minister i 2011 eit strengt pålegg til alle departementa om å innskjerpe reglane om målbruk i offentleg teneste.

Det kongelege utanriksdepartementet er verst i klassen når det gjeld brot på mållova.
Det kongelege utanriksdepartementet er verst i klassen når det gjeld brot på mållova.
Publisert

Språkrådet og andre språkinteresserte har jamleg kunna konstatere at forvaltninga bryt mållova på fleire punkt. Det gjeld i hovudsak for lite bruk av nynorsk (minimum 25 prosent i trykte dokument) og at svar på tilskrift på nynorsk kjem på bokmål.

Årsrapporten for 2016 frå Språkrådet om målbruk i offentleg teneste viste ein klar nedgang i bruken av nynorsk i departementa i tre av fire kategoriar: dokument under ti sider, dokument over fire sider og stortingsdokument. Berre i kategorien «sosiale medium» var det ein oppgang. Resultata var i snitt for alle departementa høvesvis 13 prosent, 9,4 prosent, 16,8 prosent og 8,1 prosent, altså langt unna minstekravet på 25 prosent.

Snittala for alle kategoriane var 2,3 prosent i Utanriksdepartementet og 3,2 prosent i Justis- og beredskapsdepartementet, altså nesten ingen bruk av nynorsk.

Slik er stoda fem år etter brevet frå kulturminister Huitfeldt. Dag og Tid har fått tilgang til brevet, som til no har vore ukjent for ålmenta.

Huitfeldt hadde analysert og vurdert språkpraksisen i forvaltninga, og konkluderte med at det var stadige brot på mållova, «til dels elementære regelbrot», og at det «nesten alltid er den nynorske målforma og nynorskbrukarane det går ut over».

– Skortar på vilje

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement