Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

8996
20241220

Fakta

Det virtuelle museet for stolne kulturgjenstandar

Eit samarbeid mellom Unesco og Interpol

Virtuell arkitektur av selskapet Kéré Architecture

Skal vise fram stolne kulturobjekt frå heile verda

Finansiert av Saudi-Arabia

Opnar etter planen i midten av 2025

Kulturminne

christiane@dagogtid.no

I juli 2024 slo dei til. Politifolk i 25 land aksjonerte mot flyplassar, hamner og grensekryssingar, så vel som auksjonshus, museum, private eigedommar og nettstader. Etter Pandora VIII-aksjonen, retta mot ulovleg handel med kulturminne, kunne den internasjonale politiorganisasjonen Interpol rapportere om 85 arrestasjonar og 6400 konfiskerte gjenstandar. Blant desse var mellom anna elleve gullsmykke og andre kulturminne i gull, alle delar av arkeologiske funn i Ukraina. Tjuvegodset var smugla til Spania og brukt til å kvitvaske pengar.

Resultata av aksjonen viser toppen av isfjellet. Ulovleg handel med stolne kunst- og kulturgjenstandar er omfattande. Kor omfattande kan knapt nokon svare på. Til det er oversikta for dårleg og materialet for vanskelege å verdsetje. Og korleis skal ein eigentleg kunne setje ein pris på grunnleggjande delar av ein kulturarv? Ein del ting lèt seg ganske enkelt ikkje erstatte.

Desse stolne gullsmykka og -gjenstandane, smugla frå Ukraina til Spania, kom til rette etter ein politiaksjon i juli 2024.

Foto: Interpol

Dobbel historie

Det er slik ulovleg handel som ligg bak når Unesco, FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har gått saman med Interpol om å gjere stolne gjenstandar tilgjengelege for folk.

I løpet av året skal eit heilt nytt museum opne for publikum – ikkje ein fysisk bygning med gjenstandar i montrar, men eit virtuelt og interaktivt museum. Her skal vi få sjå tredimensjonale modellar av gjenstandar som vert haldne skjulte ein eller annan stad i verda etter å ha vorte stolne frå staden dei opphavleg kjem frå.

Vi, publikum, skal kunne gå inn i dette digitale museet, vandre frå rom til rom, sjå kuraterte utstillingar og lese historia om gjenstandane vi ser. Ein må kunne vente at tinga i dette museet vil ha ei dobbel historie. Historia om korleis dei vart til, og historia om korleis dei vart stolne.

Lageret vil vere stort, for det vil bestå av den globale oversikta Interpol til kvar tid har over stolne kunst- og kulturobjekt. I dag inneheld ho meir enn 52.000 objekt.

Liste over stolen kunst

Dei som måtte ønskje å sjå verka Unesco-museet kan velje blant, har høve til det alt i dag. I appen ID-Art, som vart lansert av Interpol i 2021, kan ein enkelt søkje opp stolne kunst- og kulturobjekt frå alle moglege land.

Søkjer ein på stolne gjenstandar i Noreg, får ein 66 treff, som omfattar alt frå kinesisk porselen og sølvservise til måleri og skulpturar. Blant dei stolne kunstverka finn vi til dømes tre verk av Edvard Munch – to litografi og eitt måleri. Måleriet, portrettet «Betzy Nilsen», vart stole frå Nasjonalgalleriet i august 1993. Ein person gjekk inn døra, skrudde ned biletet og forsvann ut igjen. Ingen har sidan sett spor av Munchs måleri.

På lista finn vi også skulpturen «Sittende jente» av Arne Mæland. Det vart fjerna frå ein park i Ølen i Vindafjord i 2013. Kva skjedde? Appen utgjer ei liste med uløyste kriminalsaker.

Appen er ikkje først og fremst ei utstilling, men eit verktøy. Ved å ta bilete av ein gjenstand kan ein finne ut om gjenstanden er på Interpol-lista, og dermed kunne avdekkje ulovleg handel.

Når Unesco opnar eit virtuelt museum over stolne gjenstandar, er det også i håp om at meir tjuvegods kan komme til rette.

Edvard Munchs portrett av Betzy Nilsen vart stole frå Nasjonalgalleriet i 1993.

Eigna for kvitvasking

Lista over tapte kunstverk og kulturminne er lang, men også denne er ufullstendig, påpeiker Kenneth Didriksen i Økokrim. Det er til dømes fleire enn 66 kulturobjekt som er stolne frå Noreg.

– Vi kunne hatt eit par hundre fleire stolne gjenstandar på lista, men mykje vert stole utan at det finst fotodokumentasjon, og det utelukkar registrering. Både i Noreg og globalt er det ein stor svart marknad for kunst- og kulturobjekt, seier han.

Ifølgje Didriksen er kunst- og kulturgjenstandar godt eigna til å kvitvaske pengar, sidan prislappen er så fleksibel. Det er vanskeleg å selje ein bruktbil over marknadspris, men kva er marknadsprisen på eit kunstverk?

– Om du kjøper eit kunstverk til 100.000 kroner, kan du selje det til naboen, som kanskje vil gje 200.000. Det er ikkje så mange andre varer du kan selje på denne måten, seier han.

Plyndring i krig og krise

Ein stor del av den ulovlege handelen skjer med gjenstandar som kjem frå plyndring av kulturstader i område i krig og krise. Vi treng ikkje sjå lenger enn til Ukraina for å finne døme på kulturarv som går tapt. Frå Russland invaderte landet i full skala i februar 2022 og fram til den 27. november i år, hadde Unesco verifisert øydeleggingar på 468 stader av kulturell verdi. Medan denne saka vert skriven og lesen, vert truleg verdifulle gjenstandar kjøpte og selde vidare ulovleg på ulike marknadsplassar.

– I alle destabiliserte område vert kulturminne plyndra, seier Didriksen.

Dei historiske døma er mange. Blant dei mest kjende i nyare tid er det irakske nasjonalmuseet i Bagdad, som vart plyndra etter at USA invaderte landet våren 2003. Truleg forsvann meir enn 15.000 gjenstandar frå samlinga, som representerer sumerisk, akkadisk, assyrisk, babylonsk og islamsk kultur. Fleire tusen objekt er framleis ikkje komne til rette.

Handel med plyndra kulturminne er også brukt til å finansiere terror. IS er blant aktørane som har plyndra både Irak og Syria for verdifulle gjenstandar. Unesco har frårådd all handel med kulturminne frå desse landa.

Avgrensa prosjekt

Kan Unesco-museet bidra til at fleire stolne kulturminne kjem til rette?

Josephine Munch Rasmussen, arkeolog og forskar ved Norsk institutt for kulturminneforskning seier ho heiar på alle tiltak som kan redusere omfanget av den ulovlege handelen, men ser at museumsprosjektet har klare avgrensingar.

– Det virtuelle museet vil vise fram etterlyste gjenstandar, og for at gjenstandar skal vere etterlyste, må vi først vite om dei. Dei må ha vore del av ei museumssamling eller del av ein kjend funnstad, seier ho.

Problemet er at mange verdifulle kulturminne ikkje er registrerte nokon stad.

– Mykje av materialet som er i omløp, er henta ut frå ulovlege utgravingar, der ingen av gjenstandane har vore registrerte.

Ut frå eit arkeologisk perspektiv er tapa ofte uerstattelege.

– Ein kan ikkje rekonstruere ein funnstad. Når ting er gravne opp, kan ein ikkje lenger finne samanhengen mellom gjenstandane. Var dei del av eit hus, eit kjøkken, ei grav eller ein heilag stad? Alt dette går tapt. Kulturarv er så mykje meir enn dei enkelte gjenstandane.

Lite regulert

Rasmussen trur den ulovlege handelen vil halde fram så lenge handelen med kunst og kulturminne ikkje vert betre regulert.

Den typiske trafikken, seier ho, går frå funnrike stader utan nødvendig infrastruktur og tryggleik, til stader der kundar er villige til å betale. Land med kolonihistorie, til dømes England, har ifølgje forskaren ein stor marknad for stolne kulturminne.

– Trass i det store omfanget av illegal handel har det vore liten vilje til å regulere forbrukarsida av marknaden. Det kunne til dømes ha vore eit krav at ein seljar må ha papir på at vedkommande er den rettmessige eigaren av gjenstanden som er til sals.

Ideologisk krigføring

Ran av kulturarv har mange sider. I krigssituasjonar ser vi både at kulturminne vert del av ei ideologisk krigføring, og at plyndring skjer fordi det er pengar å tene. I Ukraina ser vi begge delar, ifølgje Rasmussen.

– Når Russland tømmer ukrainske museum og fraktar verdifulle samlingar til Moskva, kallar dei det for evakuering. Men det er jo eit eklatant brot på folkeretten i krig å tileigne seg kunst- eller museumssamlingar.

Det føregår plyndring og tjuveri av krigførande på begge sider. Men der dei ukrainske styresmaktene prøver å stoppe kriminaliteten, ser det ut til at dei russiske bruker han bevisst.

– Vi veit at både russiske og ukrainske soldatar stel ting, fordi det føregår ein enorm omsetnad blant anna på Facebook. Forskjellen er at medan ukrainske påtalemakter jobbar for å stoppe den illegale verksemda, er det mykje som tyder på at Russland bruker plyndring av kulturarv som eit instrument i krigføringa, seier Rasmussen.

Det virtuelle byggverket er skapt av den prislønte arkitekten Francis Kéré.

Det virtuelle byggverket er skapt av den prislønte arkitekten Francis Kéré.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Virtuelt byggverk

Kva for gjenstandar vi får sjå i det virtuelle museet for stolne kulturobjekt, veit vi først når opninga nærmar seg – etter planen i midten av 2025. Men det er varsla at den første utstillinga vil romme om lag 600 gjenstandar.

Bak det digitale byggverket står den prislønte arkitekten Francis Kéré, som kjem frå Burkina Faso, men bur i Tyskland. Ifølgje selskapet hans, Kéré Architecture, vil det virtuelle Unseco-museet likne forma til eit baobabtre, som speler ei sentral rolle i mange afrikanske samfunn.

Museet har eit budsjett på 2,5 millionar dollar og vert finansiert av Saudi-Arabia.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis