Der krim møter kunst
Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.
Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.
Illustrasjon: Kéré Architecture
I juli 2024 slo dei til. Politifolk i 25 land aksjonerte mot flyplassar, hamner og grensekryssingar, så vel som auksjonshus, museum, private eigedommar og nettstader. Etter Pandora VIII-aksjonen, retta mot ulovleg handel med kulturminne, kunne den internasjonale politiorganisasjonen Interpol rapportere om 85 arrestasjonar og 6400 konfiskerte gjenstandar. Blant desse var mellom anna elleve gullsmykke og andre kulturminne i gull, alle delar av arkeologiske funn i Ukraina. Tjuvegodset var smugla til Spania og brukt til å kvitvaske pengar.
Resultata av aksjonen viser toppen av isfjellet. Ulovleg handel med stolne kunst- og kulturgjenstandar er omfattande. Kor omfattande kan knapt nokon svare på. Til det er oversikta for dårleg og materialet for vanskelege å verdsetje. Og korleis skal ein eigentleg kunne setje ein pris på grunnleggjande delar av ein kulturarv? Ein del ting lèt seg ganske enkelt ikkje erstatte.
Dobbel historie
Det er slik ulovleg handel som ligg bak når Unesco, FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har gått saman med Interpol om å gjere stolne gjenstandar tilgjengelege for folk.
I løpet av året skal eit heilt nytt museum opne for publikum – ikkje ein fysisk bygning med gjenstandar i montrar, men eit virtuelt og interaktivt museum. Her skal vi få sjå tredimensjonale modellar av gjenstandar som vert haldne skjulte ein eller annan stad i verda etter å ha vorte stolne frå staden dei opphavleg kjem frå.
Vi, publikum, skal kunne gå inn i dette digitale museet, vandre frå rom til rom, sjå kuraterte utstillingar og lese historia om gjenstandane vi ser. Ein må kunne vente at tinga i dette museet vil ha ei dobbel historie. Historia om korleis dei vart til, og historia om korleis dei vart stolne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.