«Det er grunn til å tru at Project 2025-handboka kan få stor innverknad på Trumps politikk i 2025.»

Publisert Sist oppdatert

Sist veke utnemnde Donald Trump Russel Vought til budsjettdirektør i Det kvite huset. Det er ei stilling som vil få stor innverknad på politikken til Donald Trump-regjeringa.

Vought hadde same stillinga då Trump var president frå 2017 til 2021. Han vart deretter sentral i utarbeidinga av det 920 sider lange dokumentet «Mandate for Leadership», som den konservative organisasjonen The Heritage Foundation gav ut i 2022. Initiativet vert kalla Project 2025.

«Mandate for Leadership», som har over 400 bidragsytarar, er ei politisk handbok, eller eit manifest, med konkrete framlegg til ein 180-dagarsplan for ei ny republikansk regjering i 2025.

Project 2025 tilrår ein heilt ny politikk i USA og føreslår konkrete løysingar på grensekrisa, inflasjonen, økonomien, kriminaliteten, tilhøvet til Kina, abortspørsmålet og korleis ein skal «ta makta frå dei venstreorienterte elitane og gje henne tilbake til det amerikanske folket».

Donald Trump har i valkampen både sagt at han tek avstand frå Project 2025, og hevda at han ikkje kjenner til initiativet og kven som står bak det.

Fleire Project 2025-medarbeidarar har no vorte utnemnde av Donald Trump til viktige stillingar. I tillegg til Vought vert Brendan Carr sjef for Federal Communications Commission (FCC), som regulerer telekommunikasjon og kringkasting. Tom Homan vert ansvarleg for Immigration and Customs Enforcement (ICE), altså innvandrings-, grense- og tollpolitikken, og Stephen Miller vert Homeland Security Advisor, det vil seie ein av Trumps næraste rådgjevarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement