Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.
Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.
Jussen er vår første samfunnsvitskap. Den kom før bølgja av nye samfunnsvitskapar etter 1945. Dei voks alle ut av jussen. Sosialøkonomien er eit kapittel for seg, med ei lengre også norsk historie enn dei andre samfunnsvitskapane.
I
Det nye professoratet «Lovkyndighed, Statsøkonomi og Statistik», som Schweigaard fekk i 1840 ved grev Wedels mellomkomst og heldt til han døydde i 1870, var utforma ved ei skriftleg fråsegn frå Juridisk fakultet, forfatta av Schweigaard sjølv. I eit seinare regime var det gjerne «nokon som snakka saman». Schweigaard trong berre snakke med seg sjølv.
Schweigaard gav professoratet ei programmatisk tilspissing i nasjonal, styringsvitskapleg retning og la grunnen for ein ny, nytteorientert måte å tenkje om jus, politikk og samfunnsstyring på: ein vitskapleg styringsideologi som kom til å prege det norske systemet gjennom generasjonar, med kulminasjonen med sosialøkonomen Ragnar Frisch og elevane hans etter 1945. Sosialøkonomane vart ein rival til juristane, om mogleg endå meir sjølvmedvitne, samstundes som jussen og økonomien til dels vart fusjonerte i ein ny styringsideologi.
Statsvitskapenvart etablert med juristen Frede Castberg og historikaren Jens Arup Seip som fødselshjelparar. I dag er norsk statsvitskap noko særeige i internasjonal samanheng ved å ha kutta banda til jus og til dels også historie. Norsk sosiologi vart i dei grunnleggjande åra utforma av juristen Vilhelm Aubert, som gjekk over til sosiologien. Etter Aubert mista sosiologien langt på veg tilknytinga til jussen.
I boka Det norske samfunn (1. utgåve i 1968, 8. utgåve i 2022), som er svaret til sosiologane på juristane sitt kontinuerleg reviderte verk Knophs Oversikt over Norges rett (1. utgåve i 1934, 16. utgåve i 2024), er heller ikkje der spora av jus overveldande. I dei første utgåvene av Det norske samfunn eksisterte rettsvesenet, men ikkje ved juristen Aubert, men ved kriminologen Nils Christie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.