Det er interessekonfliktar på sjøen òg
Også på havet kan vindkraft kome i konflikt med naturvern og andre omsyn. Planane om ein vindpark på Siragrunnen er eit godt døme på det.
Selskapet Siragrunnen A/S planla i 2014 å setje opp 67 vindturbinar på havbotnen utanfor Sokndal og Flekkefjord, kring ein kilometer frå land. Vindparken var tenkt å levere straum nok til 40.000 husstandar, og dei næraste kommunane inne på land var positive. Men da konsesjonssøknaden vart send til Noregs vassdrags- og energidirektorat, kom det ein flaum av protestar mot planane. Blant dei som protesterte, var Naturvernforbundet, Riksantikvaren, Fiskeridirektoratet, Norges Fiskarlag, Norsk Ornitologisk Forening, Den Norske Turistforening og to fylkesmenn. Naturvernarane klaga fordi vindturbinane kunne drepe fuglar og flaggermus langs ei viktig trekkrute mellom Noreg og kontinentet, fiskarane protesterte fordi Utsiragrunnen er ein viktig gyteplass og fiskeplass, Stavanger Turistforening og Dalane Turlag protesterte fordi synet av turbinane i sjøen kom til å skjemme turterrenget på land. Og så vidare.
Da NVE vurderte søknaden om vindkrafta på Siragrunnen, vart ingen av innvendingane åleine sett på som tunge nok til å føre til avslag. Men summen av motargumenta – sett i kombinasjon med dei store utbyggingskostnadene – førte til saman til eit nei frå direktoratet. Utbyggaren anka til departementet, men i 2016 vart det nei frå statsråden òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.