Det EU som nordmenn røysta nei til i 1994, er eit heilt anna EU enn vi ser i dag. Eller?
Vi har spurt to ekspertar som stod på kvar si side for 30 år sidan.
Eit valbarometer på Youngstorget i Oslo viste resultatet av MMIs daglege valmålingar før EU-valet den 28. november 1994. Fire dagar før valdagen viste pila nei-siger.
Foto: Berit Roald / NTB
Om vi kunne skru klokka 30 år og eit par dagar tilbake, og stille henne til halv sju om morgonen, ville vi kunne sjå ein mann midt i 20-åra dele ut pamflettar kalla «Ikke dytt-nytt» på Oslo S. Det er Christian Anton Smedshaug som gjer ein siste dugnad for nei-sida før EU-røystinga den 28. november 1994.
– Vi la sterk vekt på at vi måtte unngå å bli dytta inn i EU. Tablettar mot svenskesuget vart delte ut, mimrar Smedshaug.
I Bergen ville vi kunne sjå ein Jan Erik Grindheim i 30-åra på stand, på dugnad for ja-sida.
– Eg hugsar valkampen som polarisert. Særleg splittande var spørsmåla nei-sida trekte opp, i første rekkje sjølvråderett og suverenitet, og i andre rekkje landbruk og fiske, seier han.
Vi veit kva side som vann: 52,2 prosent sa nei til EU-medlemskap, medan 47,8 prosent sa ja. Noreg heldt fram som Efta-medlem knytt til EU gjennom EØS-avtalen.
Men for Grindheim og Smedshaug tok dugnaden for ja- og nei-sida aldri heilt slutt. Begge har forfølgt EU i yrkeslivet, og begge har halde fast på grunnsynet sitt. Derfor kontaktar eg dei to når tida er inne til å gjere opp ein slags status: Kva EU sa vi nei til i 1994, og kva EU ser vi i dag? Utvikla unionen seg slik vi hadde venta oss?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.