Sideblikk

Det falske medvitet vann valet

Arbeidarpartiet skyr k-ordet og skal slita med å reorientera seg og finna vegen vidare.

ETTER EIT VAL: Arbeidarpartiet heldt landsstyremøte i Samfunnssalen i Oslo 25. september: statsminister Jonas Gahr Støre, parti­sekretær Kjersti Stenseng og nest­leiarane Tonje Brenna og Jan Christian Vestre.
ETTER EIT VAL: Arbeidarpartiet heldt landsstyremøte i Samfunnssalen i Oslo 25. september: statsminister Jonas Gahr Støre, parti­sekretær Kjersti Stenseng og nest­leiarane Tonje Brenna og Jan Christian Vestre.
Publisert

Arbeidarpartiet er i krise. Dei skal slikka sine sår og evaluera sine tapte slag. Dei når ikkje lenger ut til det partileiar Støre, med ei sosiolektisk omskriving av Gerhardsens «de breie lag av folket», kallar «det brede lag av befolkningen». Sjølv om dei prøver å trøysta seg med gode tal i enkelte kommunar, og at det såg endå verre ut nokre veker før valet, er 21,6 prosent så katastrofalt at Jaglands nedre smertegrense på 36,9 er blitt eit utopisk mål. Det skremmande scenariet som spøker i bakgrunnen, er dei sosialdemokratiske søster- og massepartia som forvitrar sørover i Europa.

Med spørjeskjema, veljarundersøkingar og rådslag i den skrantande partiorganisasjonen skal dei finna ut om dei forstår godt nok den tida me lever i. Dei skal snu alle steinar for å reorientera seg og bli ei betre utgåve av seg sjølv. Men med pratemaskina Vestre som repetitør gjekk dei først ein lang runde på om det er lov bruka k-ordet.

«HVA MÅ GJØRES?» Havarigranskinga har mykje å ta fatt på og rydda i, for forklaringane spriker i fleire og innbyrdes motsette retningar. Veteranen Martin Kolberg vil ha SV inn i regjeringa for å redda sosialdemokratiet; veteranen Thorbjørn Berntsen vil av same grunn ha ut Senterpartiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement