Kommentar
Det franske demokratiet er ikkje som før
Emmanuel Macron vann klårt, men med endra vilkår for fransk politikk.
President Emmanuel Macron takka kona og veljarane for tilliten og attvalet i Paris 24. april 2022.
Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters / NTB
Eit nytt politisk landskap har forma seg etter presidentvalet i Frankrike. Dei gamle maktene i fransk politikk er utraderte. Især Sosialistpartiet, som hadde presidenten i Frankrike så seint som i 2017. No fekk dei så få røyster at dei ikkje lenger får statsstøtte og må likvidere alt dei eig – dei har alt selt hovudkvarteret sitt etter førre valet.
Republikanarane (LR) stiller ikkje mykje betre, kandidaten Pécresse må svare for tre millionar euro i personleg gjeld. Desse partia kan kanskje gjenoppbyggjast nedanfrå, gjennom å vinne sete til Nasjonalforsamlinga i juni.
Det skal ikkje utan vidare bli lett. Klassiske alliansar lokalt, der partigrupper går saman for å få taktiske føremoner, vert lite interessante for flokken til Emmanuel Macron. Dei har i liten grad bygd ut ein partiorganisasjon på desse åra, og magien i folkerørsla er i hovudsak over.
Skulle ein samarbeide med republikanarane, er det største problemet truleg den markerte republikanaren Édouard Philippe, som var statsminister for Macron i 2017–2020, no ordførar i Le Havre og beinhard kritikar av presidenten. Macron seier at den gamle partnaren har «omvendt seg til pyroman brannmann og burde ta i bruk hamnebassenget i Le Havre for å sløkkje alle brannane sine».
Høgredreiing
At vendinga mot høgre frå Macron si side dei siste par åra ikkje har forma ein sentrum–høgre-allianse, er tydeleg. Høgredreiinga til Macron kom tidleg, men dei sterke reaksjonane med gule vestar-opprør hadde ingen venta seg. Den brutaliteten som vart nytta mot opprørarane, forutan fleinord og forakt frå presidenten, skremde især ytre venstre-veljarane kraftig. Så sterkt at mange nekta å røyste på Macron for å halde Marine Le Pen unna presidentstolen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.