Det gamle går under
Dei regjeringsdanande partia i nokre av Europas kjerneland vert slegne over ende av nye partigrupperingar. Er det bra for demokratiet eller faretrugande teikn på oppløysing?
Den britiske statsministeren Theresa May.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB scanpix
Lat oss ta dei under eitt: I Hellas vart både Ny Demokrati og sosialistpartiet PANSOK mala sunde av Syriza. Dei gamle vart symbol for ein klientilistisk politikk som var med på å skapa den økonomiske krisa.
I Italia gjekk dei gamle partia – kristelegdemokratane og sosialist/kommunist-partia – under alt på 1990-talet. I dag er ein av dei fremste politiske fyrstefiolinane spela av fem stjerners-rørsla og komikaren Beppo Grillo, ei ustyrleg populistbylgje med front mot dei gamle partia.
I Spania, som lenge har vore utan regjering og paralysert av splittingar, er PSOE, det gamle sosialistpartiet, og høgrepartiet PP svekt av to oppkomlingar på kvar side.
Og no i Frankrike vart både kandidatar frå PS og republikanarane slegne ut. For fyrste gong i Den femte republikken har korkje PS eller republikanarane kandidatar i siste runden av presidentvalet.
Så ser vi ei mellomgruppe: Tyskland og Nederland. Der held partisystemet seg, men det har vore under eit visst press. No ser det ut til at både SPD og CDU/CSU vil vere dei to store grupperingane i Tyskland framfor valet i haust. Med tunge røynsler frå Weimar er tyskarane ottefulle for oppflising av partia.
KONSERVATIV RENESSANSE
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.