«Det Gaza eg kjende, er borte»

No er det ingen trygge stader i Gaza, seier Kjetil Lillesæter.

Ein palestinsk kristen i bøn under julemessa i den gresk-ortodokse Sankt Porfyrios-kyrkja i Gaza 7. januar 2018. På denne staden har det stått ei kyrkje heilt sidan 400-talet.
Ein palestinsk kristen i bøn under julemessa i den gresk-ortodokse Sankt Porfyrios-kyrkja i Gaza 7. januar 2018. På denne staden har det stått ei kyrkje heilt sidan 400-talet.
Publisert Sist oppdatert

Uvissa: «Kvar gong eg ser på nyhenda frå Gaza, lurer eg på korleis det går med dei eg kjenner. Korleis går det med tenåringsjenta Amira, som fortalde meg at katten hennar brukte å gøyme seg under sofaen heilt inn mot veggen når det var bombeåtak?

Korleis går det med Yasmin i Gaza by, som var åtte år då eg møtte henne sist i 2019? Den gongen leidde ho meg smilande inn på rommet sitt for at eg skulle få sjå kosebamsane hennar.

Korleis går det med den faste sjåføren min, ein korpulent brumlebass som køyrde meg trygt gjennom den ville Gaza-trafikken, og som nekta meg å bruke bilbelte fordi det gjekk utover yrkesstoltheita hans?

Korleis går det med mannen som kom på døra mi med vatn, loff og frukt då eg hadde influensa? Og korleis går det med alle andre eg har møtt på reisene mine til Gaza?

Korleis går det med dei palestinske kristne som no har samla seg inne på området til den katolske kyrkja? Kyrkja ligg i gamlebyen i Gaza by, som no er omringa av den israelske hæren. Onsdag denne veka fekk eg snakka med ein av kjenningane mine der for første gong sidan 27. oktober. Mange av innbyggjarane i byen har reist sørover med kvite flagg i hendene, men fleire hundre kristne palestinarar oppheld seg framleis inne på kyrkjeområdet.»

Les også: «Gripen av Gaza»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement