Fiske
Det havindustrielle komplekset
ÅLESUND: Det er meir enn geografi som gjer avstanden stor mellom kystfiskarar i nord og havfiskarar frå Møre.
Det er ikkje den beste tida å snakke for høgt om at ein har ei fortid som trålfiskar, nett no. Opptøyane i Finnmark, som Per Anders Todal allereie har skrive godt om, er det siste uttrykket for ein konflikt som har vara ved i gode hundre år. Det står mellom kyst- og havfiskar, og mellom Nord- og Vest-Noreg.
Då eg sjølv reiste «på trålen» for meir enn ti år sidan, ante eg fint lite om desse sakene. Det vart heller ikkje snakka mykje om på «Granit», som var namnet på båten. Den gongen var «Granit» eigd av ein familie frå Vartdal, men båten har seinare vorte seld til reiarlaget Halstensen.
For meg var det ei skilsetjande oppleving, sjølv om det vart med den eine sommarturen til Bjørnøya. Det var linefiskar eg skulle verte, nokre år seinare. Men eg står altså med beina godt planta innanfor havfisket – ikkje så mykje av ideologiske grunnar, men som følgje av bakgrunnen min.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.