Oslo tingrett tek i desse dagar stilling til om tre av dei som er råka av den såkalla Nav-skandalen, har rett på oppreising for på ulovleg grunnlag å ha vorte stempla som svindlarar og bedragarar, fråtekne pengar dei skulle ha hatt å leve av, fått krav om å tilbakebetale pengar dei hadde fått, og i nokre tilfelle også vorte melde til politiet, dømde og fengsla.
Saka kan få følgjer for fleire av dei over 7500 andre personane som også er råka som følgje av at staten har praktisert eige regelverk feil og i strid med EØS-retten.
Offentleg har det vore mest merksemd om dei som vart urett dømde, og dei som har vore urett fengsla, men feilpraktiseringa har også hatt store konsekvensar for fleire av dei som ikkje hamna i rettssystemet. Den eine av dei tre som har gått til søksmål mot staten for å få oppreising, seier ho er med på søksmålet for å synleggjere nett det. Kvinna ønskjer ikkje å stå fram med namn, på grunn av stigmaet og skamma saka har medført, men Dag og Tid har snakka med henne, og vi fortel her historia hennar basert på intervju og vitneforklaringa hennar i tingretten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.