Politikk
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det er krig og elende i Midtausten, Sudan og Ukraina, og her kjem du og seier at Sverige er eit land i krise. Kvifor skal vi bry oss om Sverige no?
– Sverige er nabolandet vårt. Det er dramatisk, det som skjer der, og det får betydning for oss. Eg har intervjua folk som bur og jobbar i utsette område. Dei fortel om ein velferdsstat som blir svekt. Noreg kan lære mykje av det.
– Det som skjer, handlar det om innvandring?
– Innvandringa er eit bakteppe. Den raude tråden i boka mi er integreringa. Dei siste tjue åra har vi sett ei dramatisk utvikling som er demografisk, der det er nødvendig å snakke om integrering. Spørsmålet om integrering er viktigare enn om vi skal ta imot innvandrarar.
– Det handlar iallfall om eit «oss og dei»-syn, kanskje om rasisme?
– Det dreier seg om kulturar meir enn om hudfarge og religion. Vi må få ein open debatt om særtrekk og praksisar ved ulike kulturar, utan å stemple kritikk som kulturrasisme. Det er nødvendig når vi får klanar som praktiserer æresvald og blodhemn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.