Sideblikk
Det merkast i ord, ikkje i handling
Språk er makt, ikkje minst på bank- og bustadmarknaden. Staten er med på møkkalasset.
DNB-sjefen Kjerstin Braathen presenterer DNBs resultat for 1. kvartal 2023. Det gjekk på engelsk og norsk, engelsk og norsk.
Foto: Javad Parsa / NTB
Aldrande menn liker å leika sakkunnige i forhold til språk. Dei meiner alt var betre før, og dei saknar språkrøktaren Per Egil Hegge (6. mars 1940–12. oktober 2023) som skjold og verje mot for-
holdisme og anna språkleg forfall.
Derfor er det berre rett og rimeleg at det blei veksla mange ord om såvore då Spaltisten og Hjelpeskrivarane var samla til smalahove og heimebrygga øl.
BYRÅSJEFEN ER ANDVAKEN i forhold til all tale og skrift som har med prisstiging, kursar, konjunkturar og renter å gjera, for der blømer frasar og tvilsam metaforikk uhemma. Og språk er makt, ikkje minst på bank- og bustadmarknaden.
Økonomispråket trengjer seg inn overalt. Det er forvitneleg, men fortener skjenn, når ein leiande finansanalytikar lar marknaden opptre som kjenslevart og handlande subjekt: «Markedet er nervøst og sitter langt utpå stolkanten.»
INGEN ER BETRE gasjert her i landet for å snakka tilslørande enn konsernsjef Kjerstin Braathen i DNB. Men då Fredrik Solvang i den statleg finansierte rikskringkastinga (skal ikkje NRK snart kvitta seg med det utdaterte namnet?) la opp til debatt om rentemarginar, skugga ho banen. Etter press blei ein informasjonsoffiser send ut i krigen. Vilkåret for at talsmannen for Noregs dominerande bank kunne stiga ned til folket, var at han berre skulle framføra autoriserte talepunkt, men ikkje debattera.
Då desse unnvikande manøvrane blei altfor pinlege, stilte ei stivt smilande Braathen likevel opp i Dagsnytt 18 for å syna at ho ikkje er feig, og at ho fortener 16 millionar for «å prøve å styre DNB og dei ressursane og kompetansane vi har til å hjelpe og støtte kundane våre» (Klassekampen 14. oktober 2023).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.