Kommentar
Det militante demokratiet vaknar i USA
Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump.
Baude og Paulsen talar mot presidentkandidaturet til Donald Trump med den same typen rettsleg argumentasjon som Trump og støttespelarane hans er tilhengarar av, skriv Holmøyvik. Foto frå golfturneringa LIV Golf Bedminster på heimebanen til Trump.
Foto: Vincent Carchietta / USA Today Sports / Reuters / NTB
I ein monumental 126 sider lang artikkel i eit juridisk fagtidsskrift har dei to jussprofessorane William Baude og Michael Stokes Paulsen konkludert med at den amerikanske grunnlova rett og slett forbyr Trump å stille som kandidat i presidentvalet.
Dei viser til det lite omtala tredje leddet i det fjortande grunnlovstillegget frå 1868. Det seier at ein person som gjennom eit offentleg verv eller embete har avlagt eid til den amerikanske konstitusjonen, og som seinare har engaged in insurrection or rebellion mot konstitusjonen, ikkje kan ha noko offentleg verv eller embete.
Ei slik nekting av å stille til val kan berre overstyrast av Kongressen med to tredjedels fleirtal. Baude og Paulsen skriv at forbodet gjeld automatisk og er bindande for alle med offentlege verv og embete. Konkret betyr det at alle valfunksjonærar og dommarar på føderalt nivå og delstatsnivå pliktar å nekte Trump å registrere seg som kandidat, og til å underkjenne valet dersom han skulle vinne.
Det fjortande grunnlovstillegget vart vedteke i 1868 for å hindre at tidlegare sørstatspolitikarar kunne veljast til offentlege verv og slik undergrave dei institusjonane som vann fram i borgarkrigen. I artikkelen søkjer Baude og Paulsen å vise at grunnlovsfedrane den gongen ikkje meinte å avgrense verknaden til oppgjeret etter borgarkrigen. Det fjortande grunnlovstillegget skulle verne konstitusjonen også i framtida.
Kva betyr det at to jussprofessorar i artikkelform går til åtak på Trump? USA er det landet i verda med flest juristar i høve til folketalet. At politiske stridar blir rettsleggjorde, er daglegdags. Artikkelen til Baude og Paulsen har så langt ikkje fått stor merksemd i media eller blitt eit tema i valkampen til dei andre republikanske presidentkandidatane. Det er likevel to grunnar til at Trump bør vere uroa for artikkelen til Baude og Paulsen.
For det fyrste er Baude og Paulsen framståande konservative jussprofessorar godt planta i det republikanske partiet. Begge er medlemmer av The Federalist Society, som er ein svært mektig juridisk tenketank og har stor påverknad på det republikanske partiet. Som president lét Trump denne tenketanken peike ut kven han skulle nominere som høgsterettsdommarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.