Sideblikk
Det politiske vêrvarselet er blått
Høgre har stole Arbeidarpartiets kapital. Raudt balar med brillestøtte og lik i lasta.
Erna Solberg og Tone Trøen under sentralstyremøtet på Høgres hus i Oslo 4. juni i år.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Høgre siglar i god bør, men det er inga høgrebølgje som bygger seg opp, som i Kåre Willochs og Erling Norviks tid på 1980-talet, med reformer som Arbeidarpartiet i hovudtrekk førte vidare under Gro og Jens.
Høgre lovar ikkje systemskifte og eit nytt paradigme. Den politiske kapitalen er ikkje eigne kvalitetar, men å profittera på regjeringsrot. Draumen om Erna er det kjente, trygge, habile og styringsdyktige.
NOSTALGI EI STERK KRAFT om minna er sanne eller tilpassa. Det blir frisert bort at Solberg bytte regjeringspartnarar fire gonger. Ho regjerte etter lausgjengarlova og skifta justisministrar frå Framstegspartiet oftare enn Støre skiftar skjorte. På spørsmål om kven Høgre skal samarbeida med framover, er svaret at dei inviterer alle som har lyst til å vera med.
HØGRE HAR STYRKT seg som misnøyeparti. Dei markerer det ved å la vera å gå inn i kompromiss og breie forlik. Dei bruker ikkje øks, men ostehøvel. Dei lovar å halda litt att på oljepengebruken. I kommunar der dei får makt, skal byråkratiet arbeida litt raskare, slik at det ikkje gror mose på sakene. Dei lovar ikkje å reversera alt gale Støre-regjeringa har funne på, men vil føra ein litt annan politikk etter devisa: For mykje velferd i dag gir mindre velferd i framtida.
Høgre lovar litt endra retning, men utan konkrete og talfesta mål. Men i ei prinsipiell paradegrein står dei fast: Meir kommersiell velferd skal ikkje berre føra til auka privat profitt, men også til større valfridom, betre kvalitet og lågare utgifter.
STYRINGSDUGLEIK, STØ kurs og ansvarleg økonomisk politikk har vore Arbeidarpartiets klassiske varemerke. Dei kleda har Høgre stole og fjerna prislappen på mens Arbeidarpartiet var ute og bada i straum, bensin, rente og sin eigen personalpolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.