Kommentar

Det russiske kallet

«Militæroperasjonen» i Ukraina er eit uttrykk for russisk offervilje og kristen nestekjærleik, hevdar patriark Kirill.

Søndag 8. mai preika patriark Kirill på festen i hovudkyrkja til det russiske militæret, «Katedralen til dei væpna styrkane». Sjølve katedralen er knapt til å tru. Han kan minne om både introen til Game of Thrones og scener frå Mordor i Ringenes herre.
Søndag 8. mai preika patriark Kirill på festen i hovudkyrkja til det russiske militæret, «Katedralen til dei væpna styrkane». Sjølve katedralen er knapt til å tru. Han kan minne om både introen til Game of Thrones og scener frå Mordor i Ringenes herre.
Publisert

Kva bodskap hadde patriark Kirill, leiaren av Moskva-patriarkatet, på feiringa av frigjeringsdagen? 9. mai sat han saman med den politiske eliten i Moskva og beundra den militære oppvisninga på Den raude plassen. Dagen før preika han på festen i hovudkyrkja til det russiske militæret, «Katedralen til dei væpna styrkane». Sjølve katedralen er knapt til å tru. Presentasjonsvideoen som ligg på Youtube kan minne både om introen til Game of Thrones og scener frå Mordor i Ringenes herre.

Kyrkja vart reist i 2020 som eit minnesmerke for 75-års jubileet for sigeren over nazismen – og innvigd til ære for Kristi oppstode. Ho er militærgrøn og metallisk, golvet er laga av omsmelta tyske stridsvogner og anna krigsbyte. Mosaikkane som prydar veggene, syner slagscener frå russisk historie jamsides englar og helgenar.

Forsvarskrig

Preika på den store minnedagen var ei hyllest til militæret. Men for å sitere Kirill sjølv, handla det ikkje om «nok ein militaristisk tale frå patriarken. Alt det er tull!». For patriarken er røynda heilt annleis. Det som skjer i Ukraina, handlar ikkje om nokon angrepskrig, men om forsvarskrig. Og her er «militæroperasjonane» ikkje berre i kontinuitet med kampen mot nazismen, men i frontlina i den åndelege kampen mot den vonde.

For å kome fram til denne konklusjonen fortel Kirill ein heilt eigen versjon av historia. Den syner at Russland ikkje har andre interesser enn å ofre seg sjølv for å hjelpe andre. Under Balkan-krigane i 1912 og 1913, til dømes, ofra Russland tusenvis av sine eigne søner for å redde bulgararane frå det osmanske slaveriet. Og då Russland gjekk inn i den fyrste verdskrigen, var det for å berge det serbisk-ortodokse brorfolket som Vesten ville utslette. Noko slikt kan berre forklarast med ein indre åndeleg styrke, seier Kirill, og kallar den russiske hæren for «Kristus-elskande».

Åndelege røter

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement