Det siste slagetHøgreekstremistane vert eldre og færre.Eg står i kaffikø i kantina på Høgskulen i Volda i 2016, har nett sett ei nyheitssending om Odins soldatar, den innvandringskritiske radikale gruppa med historisk ukorrekte vikingar på hettegenseren, o

Høgreekstremistane vert eldre og færre.

I 1990-åra rekrutterte høgreekstreme grupper som BootBoys og Vigrid norsk ungdom. Her frå ein skuledebatt i Drammen i 2009.
I 1990-åra rekrutterte høgreekstreme grupper som BootBoys og Vigrid norsk ungdom. Her frå ein skuledebatt i Drammen i 2009.
Publisert

Eg står i kaffikø i kantina på Høgskulen i Volda i 2016, har nett sett ei nyheitssending om Odins soldatar, den innvandringskritiske radikale gruppa med historisk ukorrekte vikingar på hettegenseren, og er irritert. Utan å tenkje over det står eg og vrir på smykket eg har rundt halsen så det lagar lyd. Kvinna bak meg i kaffikøen snur seg. Auga hennar stoppar nokre centimeter nedanfor kragebeina mine.

– Er du sånn... Likar du Soldiers of Odin, spør ho.

Smykket eg står og vrir på, er ein liten torshammar.

– Nei, det gjer eg ikkje, seier eg og fortel henne at smykket er kjøpt på gatemarknad i Ålesund for vel ti år sidan.

Ho letnar. Smiler. Seier «fint smykke» og går. Eg lurer i mitt stille sinn på om ho verkeleg trudde eg var høgreradikalisert. Skal det så lite til, tenkjer eg.

Denne veka melde NRK at høgreekstreme grupper i Noreg har endra åtferd, og at dei vert færre. I Noreg er det ikkje ungdommen som vert radikalisert til ytre høgre lenger. Dersom nokon rakar av seg håret, er sjansen større for at det er Ronny Brede Aase som vert tvangsbarbert til inntekt for TV-aksjonen, enn at det er ein i skinheadmiljøet. Dei høgreekstreme er stort sett vaksne menn som sit bak skjermar og diskuterer konspirasjonsteoriar om Eurabia – islamistisk overtaking i Europa. I ein kronikk på forskning.no etterlyser professor Tore Bjørgo førebyggjande innsats mot islamofobi. For den høgreekstreme valden som oppstår, vert i større grad retta mot muslimar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement