Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Eit kort og forenkla resymé: Etter at sovjetkommunismen kollapsa kom omtrent 30 år der globalisering og frihandel vart framstilt som reine velsigningar. Den usynlege handa til marknaden skulle ordne opp. Kvart land kunne dyrke dei komparative fortrinna sine – alle skulle lage det dei var best til å lage, og ressursar skulle flyte dit dei best kunne nyttast. Jo friare handelen vart, jo betre og billegare skulle varene bli.
Ikkje nok med det: Frihandel skulle òg skape fred og forsoning. Land som handlar mykje med kvarandre, krigar sjeldan mot kvarandre. Også autoritære land skulle gå i demokratisk lei om dei vart integrerte i verdshandelen. Wandel durch Handel, sa tyskarane: Di meir Vesten handla med Russland og andre autoritært styrte statar, di mindre vart fiendskapen. Ideen om slik fredsskaping går attende til opplysingstida: «Den naturlege verknaden av handel er fred», hevda den franske filosofen Montesquieu.
Vinnarar og taparar
Også i gullalderen for globaliseringa fanst det motrøyster, og dei fleste var på den politiske venstresida: miljøaktivistar, antikapitalistar og fagforeiningar som kjempa mot lønskutt og utflagging av industri. Men gatedemonstrasjonane under toppmøta til mellom anna Verdshandelsorganisasjonen, som nådde klimaks ved WTO-møtet i Seattle i 1999, oppnådde lite. Globaliseringa gjekk sin gang, med USA som den store pådrivaren, og Kina voks seg inn i rolla som verdas fabrikk.
For Noreg var utviklinga heldig på fleire måtar. Veksten i Asia dreiv opp prisen på olje, gass, fisk og metall frå Noreg, medan nordmenn kunne importere stadig billegare elektronikk, klede og meir frå Kina. Også ein del norske industribedrifter flagga ut, men ikkje i eit omfang som skapte nemneverdig arbeidsløyse i Noreg. Her var det stort sett solsida av globaliseringa vi såg. Men slik var det ikkje i alle land. Mange stader i Vesten, frå det såkalla i rustbeltet i USA til industribyar i Europa, forsvann arbeidsplassar på grunn av konkurransen frå Kina. Ikkje minst skjedde dette ved at vestlege selskap sjølv flagga ut produksjonen sin. Og misnøya med globaliseringa steig.
Trump og Biden
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.