Sideblikk

Det store spelet om Yngve og Gro

Yngve Hågensen blei LO-leiar mot alle odds. Han sette spor og enda som eit ikon.

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland då ho tok imot LOs første likestillingspris frå LO-leiar Yngve Haagensen i 1999.
Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland då ho tok imot LOs første likestillingspris frå LO-leiar Yngve Haagensen i 1999.
Publisert

Yngve Helmer Johan Hågensen (13. juli 1938–17. juni 2023) blir hylla frå alle hald – av venner, forbundsfellar, politikarar og pressefolk, men også av institusjonelle motstandarar og uvenner.

Orda som blir brukte, er markant, ruvande, ryddig, uredd og fritalande. Han hadde engasjement og temperament, glød og humor, vilje, varme og energi. Det var rett-på-sak og rett fram. Han var ei klår og tydeleg røyst, både i overført tyding og i talestil og toneleie: lågt, intenst og manande, krydra med knyttneve og saftige bannord. Vertinna likte sjeldan det han meinte, men ho likte måten han sa det på.

Også dei han var usamd med og kunne skjella ut, kallar han ein vennleg og grei kar, ein som kunne tilgje og kunne tilgjevast. Han var lett å lika, for han brydde seg om folk. Etter friske fråspark var han raus og fleksibel. Han var prinsipiell, men også pragmatisk.

Yngve blir hugsa med to norske heidersuttrykk: Han var heil ved; han var seg sjølv.

DET VAR EIN AURA av arbeidarklasse over Hågensen, men han var også god på klassesamarbeid og klassekompromiss. Han samla ikkje på nederlag, men at han tapte EU-striden i LO og i folket i 1994, plaga han til det siste så sterkt at han tydde til bannord.

Han heldt LO-familien samla og fekk utvida Gro-dagen til ei femte ferieveke. Han stod som ein påle i solidaritetsalternativet og trepartssamarbeidet i den norske arbeidslivsmodellen. Han var ei visjonær og jordnær kjempe som sette djupe spor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement