Kommentar

Det stygge spelet

VM i Qatar er eit resultat av korrupsjon. Men Fifa har langt verre ting på rullebladet.

1978: Diktator Jorge Videla (med bart) på heimebane. Den argentinske kapteinen Daniel Passarella løftar VM-pokalen etter 3–1-sigeren over Nederland i finalen. Ein dryg kilometer bortanfor låg fengselet der opposisjonelle vart torturerte.
1978: Diktator Jorge Videla (med bart) på heimebane. Den argentinske kapteinen Daniel Passarella løftar VM-pokalen etter 3–1-sigeren over Nederland i finalen. Ein dryg kilometer bortanfor låg fengselet der opposisjonelle vart torturerte. 1978: Diktator Jorge Videla (med bart) på heimebane. Den argentinske kapteinen Daniel Passarella løftar VM-pokalen etter 3–1-sigeren over Nederland i finalen. Ein dryg kilometer bortanfor låg fengselet der opposisjonelle vart torturerte.
Publisert Sist oppdatert

Det vart vingen Daniel Bertoni som sette spikaren i kista. VM-finalen mellom Argentina og Nederland 25. juni 1978 hadde gått til ekstraomgangar etter 1–1 ved full tid. Den store helten Mario Kempes scora 2–1-målet etter 105 minutt, og Bertoni sikra sigeren ti minutt seinare. Da dommaren bles av kampen, eksploderte jubelen på Estadio Monumental. Storparten av dei 71.000 på tribunane var heimefans, og Argentina var verdsmeister i fotball for første gong.

Gledeslarmen nådde òg ein staseleg kvit bygning med søyler kring inngangen ein dryg kilometer nordvest for stadion. Escuela de Mecanica de la Armada (ESMA) hadde vore eit skulebygg for den argentinske marinen, men under militærdiktaturet tente huset som fengsel og torturkammer for juntaen som styrte Argentina. Over 4000 opposisjonelle vart utsette for mishandling og grov tortur der inne under militærdiktaturet i åra frå 1976 til 1983. Dei færraste kom levande frå fangenskapet. Somme fangar vart pinte i hel i kjellaren til ESMA, andre vart tekne med i fly og dumpa i havet.

Ein av dei som overlevde, Graciela Dalo, har seinare skrive eit essay om minna sine frå 25. juni 1978. Fangane fekk beskjed om å reise seg og juble med fangevaktarane sine etter sigeren. Ein av fengselsleiarane, med kallenamnet «Tigeren», var ellevill av glede. «Vi vann, vi vann», skreik han, tok fangane i hendene og kyssa dei på kinna.

Somme av fangane fekk bli med på ein biltur gjennom byen for å sjå på folkefesten. Så bar det attende til fangeholet.

Boikott

44 år seinare er nok eit fotball-VM i gang. Og sidan 1978 har medvitet om koplinga mellom fotball og politikk blitt noko større. Kritikken mot Qatar har vore hardare enn mot nokon tidlegare VM-arrangør, mykje på grunn av den dårlege behandlinga av dei underbetalte gjestearbeidarane i landet – ikkje minst dei som har bygd anlegga til meisterskapen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement