Fotball

Det svarte fotballparadokset


Å spreie oppmalne bildekk på kunstgrasbanar var ikkje ein god idé likevel. No treng Fotball-Noreg nye idear, nye banar og nye milliardar.
  

Publisert Sist oppdatert

Dei er sikre vårteikn. Grågjæsene som beiter på graset etter ein vinterferie i mildare strøk, og dei høge svarte snødeponia som sakte sig saman langs kunstgrasbanen ved sida av.

På avstand liknar dei asfaltberg, men på nært hald ser ein kvit snø skine gjennom lag på lag av gummigranulat. Bitte små gummibitar som gjer fotballbanen mjuk å spele på, men som finn vegen ned i jord og grunnvatn og fyller naturen med mikroplast.

Dagleg passerer eg denne heilt typiske kunstgrasbanen på Abildsøfeltet i Oslo, som grenser til eit verna fuglereservat kring Østensjøvannet. Truleg er eg sjølv med på å spreie granulatet utover – det festar seg i solane på veg forbi. Sjølv om lokale eldsjeler bruker mykje av tida si på å halde banen i stand, er det ikkje mogleg å halde alt granulatet innanfor gjerda. Når dei mokar og freser snøen, vil ein del alltid hamne på feil side.

Det er snart halvtanna år sidan EU sette foten ned for fotballvennleg, men miljøskadeleg gummigranulat. Frå 17. oktober 2031 vil fyllstoffet vere forbode å omsetje i heile EU. President i Norges Fotballforbund (NFF) Lise Klaveness har kalla situasjonen den største krisa forbundet har stått i nokosinne. Så kva skjer då, med Abildsøfeltet og dei over 1500 banane landet over som er dekte med fyllmateriale av plast?

Kunstgras overalt

Mange kjenner Abildsøfeltet frå kampar under Norway Cup. I lokalmiljøet er kunstgraset eit sentrum for aktivitet og leik. Utviklinga innan kunstgras har på mange måtar vore eventyrleg. Den første kunstgrasbanen vart laga av nylon og teken i bruk av eit baseballag i Texas i 1960-åra. Men sklitaklingar gav brannsår – og insentiv til å forbetre den kunstige grasmatta. I 1980-åra kom ein ny type på marknaden, denne gongen med ein rimelegare plastsort og sand som fyllmateriale. Banen vart betre på fleire vis, men heller ikkje sanden var god å skli på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement