Natur

Det vanskelege naturvernet

Politikarane har forplikta seg til å verne meir natur. Men dei vil ikkje innskrenke kommunane si makt i arealpolitikken og heller ikkje rokke ved planlagde nedbyggingar.

Noreg har nær ein halv million hytter i dag, men det er alt vedteke arealplanar som inneber ei tredobling av arealet til eksisterande tettbygde fritidsbustader, ifølgje estimat frå Norsk institutt for naturforsking.
Noreg har nær ein halv million hytter i dag, men det er alt vedteke arealplanar som inneber ei tredobling av arealet til eksisterande tettbygde fritidsbustader, ifølgje estimat frå Norsk institutt for naturforsking.

Like før jul vart 196 land samde om ein naturavtale som vert omtalt som både ambisiøs og historisk. Der gjekk dei inn for å verne minst 30 prosent av land- og havarealet på jorda, sikre effektiv restaurering av minst 30 prosent av øydelagde naturområde og kartleggje og redusere subsidiar som er til skade for biologisk mangfald. Og alt dette og meir til skal skje innan 2030, altså i løpet av dei sju neste åra.

Det er ambisiøst. Ikkje minst når vi veit at målet frå den førre naturavtalen frå 2010, å verne 17 prosent av areala innan 2020, ikkje vart nådd.

Og naturavtalen er ikkje juridisk bindande og seier heller ikkje kvar vernetiltaka og restaureringstiltaka skal gjennomførast. I staden er det opp til kvart land å vurdere og utarbeide nasjonale planar for korleis det vil jobbe for å nå dei felles målsetnadene. Deretter skal kvart land melde inn framdrift undervegs, slik som under Paris-avtalen for klimaet.

Manglande vern

I Noreg er regjeringa i gang med å vurdere korleis avtalen skal følgjast opp. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) seier dei vil leggje fram ein plan for Stortinget «så raskt som mogleg».

Det bør vere nok av tiltak å velje mellom. Berre 17,6 prosent av arealet i Fastlands-Noreg og 3,6 prosent av territorialfarvatnet til Fastlands-Noreg er verna i dag, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement