– Det var deira eiga skuld

Som representant på vippen har Amineh Kakabaveh svensk politikk i sine hender.

Den svenske regjeringa på veg mot mistillitsrøystinga i Riksdagen mot justisminister Morgan Johansson (i midten).
Den svenske regjeringa på veg mot mistillitsrøystinga i Riksdagen mot justisminister Morgan Johansson (i midten).
Publisert Sist oppdatert

Tysdag vart det stilt mistillitsforslag mot den svenske justisministeren på grunn av handsaminga hans av gjengkriminaliteten i Sverige. Heilt uavhengig av saka var det knytt stor spenning til mistillitsforslaget. Riksdagsmedlem Amineh Kakabaveh truga nemleg med å røyste imot regjeringa – noko som ville ha leidd Sverige inn i ei ny regjeringskrise, av di statsminister Magdalena Andersson hadde stilt kabinettsspørsmål.

Sjølv om ho er eit uavhengig medlem av Riksdagen, har Kakabaveh stor påverknad på den svenske rikspolitikken. Regjeringa er nemleg heilt avhengig av hennar røyst for fleirtal i parlamentet. Sist haust sikra ho fleirtal for Magdalena Andersson i statsministervalet.

Fram til 2019 var Amineh Kakabaveh ein del av Vänsterpartiet. Før det skapte ho uro i partiet ved å gå i rette med religiøs æreskultur.

– Kva er det Tyrkia krev av Sverige for å opne døra til Nato?

– Mykje av den tyrkiske motstanden kjem av Sveriges støtte til kurdarane. Erdogan vil framstille alle motstandarar av den autoritære, islamistiske og kvinnefiendtlege politikken hans som terroristar. Difor vil han kaste forsvarsministeren vår, og han vil ikkje at eg skal vere riksdagsmedlem, berre på grunn av det kurdiske opphavet mitt. Eg er fødd i den kurdiske delen av Iran, og eg er svensk statsborgar og svensk riksdagsmedlem. Kva har eg med Tyrkia å gjere?

– Du har ein særskild avtale med den svenske regjeringa. Kva går den ut på?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement