– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Kamala Harris vart hylla etter debatten natt til onsdag. Ho vann debatten, meiner mange. Er du samd i det?
– Det er eg. Og det viser også meiningsmålinga til CNN. Kamala Harris dominerte debatten. Ho var på offensiven sjølv om Trump prøvde å slå tilbake og heile tida fekk siste ordet. Harris ser framover og peiker mot ein meir optimistisk bodskap. Eg synest ho fekk fram politikk i den grad ein klarar det i slike debattar. Det er ofte meir snakk om stil og personlegdom.
– Og Trump?
– Han verka meir negativ enn Harris. Det hjelpte ikkje at han heile tida fekk siste ordet. Men han gjorde det me kunne forvente. Han har nokre punkt han skal snakke om, ikkje minst innvandring. Så det heng ikkje alltid saman med det ein har spurt om.
– Harris svara heller ikkje alltid på det ho vart spurd om.
– Nei, det er vanleg i slike samanhengar, men ho var mindre på villspor enn Trump.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.