Det mest omfattande fråfallet frå kristendomen har som kjent kome i protestantiske område i den vestlege verda. At prestane der forsvann frå institusjonelle og moralske maktposisjonar, vil ikkje seia at maktposisjonane forsvann.
Med dei lågkyrkjelege vekkingane rykte lekpredikantar inn i somme av dei. Men kjem me inn på 1900-talet, vart mange av maktposisjonane ståande ledige. Dei stod ledige då ideologiane i førre hundreåret tok over mykje av plassen etter religionane.
Woke er ei sekulær vekking med religiøse trekk. Rørsla spelar på den same skuldrefleksen som kyrkja spela på for nokre generasjonar sidan: Dette er mi skuld. Dette er vår skuld.
Resymé av del 1
Å vera woke er å vera vekt. Soga til ordet såg me på førre veke. Det kjem frå svart engelsk, afrikanskamerikansk dialekt, og er kjent frå siste helvta av 1800-talet. På den tida fekk ord som vekt, vekking og dei vekte eit oppsving i lågkyrkjelege, gjerne baptistiske samfunn – rørsler ofte leidde og fylgde av folk med låg status og løn, som svarte i USA og arbeidarar i Noreg.
Som amerikansk dialektord vart woke på 1900-talet berre nytta i svarte miljø i USA, om å vera vaken, medviten, personleg og/eller politisk. For femten år sidan vart det synonymt med svart kamp mot rasediskriminering i USA. Fyrst for kring fem år sidan vart det eit samleomgrep for ymse radikal, vestleg identitetspolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.