Digitalisering krev energi

Publisert

Medan passe varmt vatn kan varme opp ein bustad, krev datamaskinar elektrisitet av beste merke. Kvar gong vi søkjer etter noko på internettet, brukar vi like mykje energi som ei lyspære treng for å lyse i 17 sekund, skal vi tru rapporten 10 teknotrender for Stortinget frå det statlege Teknologirådet. Digital teknologi står nemleg bak 4 prosent av dei globale klimagassutsleppa, meir enn sivil luftfart. Ifølgje rapporten kan datamaskinane i verste fall vil sluke over 20 prosent av elektrisiteten vår i 2030.

Kvifor? Jo, vi strøymer meir fjernsyn, vi driv med maskinlæring og stordata. Og vi myntar kryptovaluta. Eit energisluk utan sidestykke. Dette krev visstnok like mykje energi som Austerrike.

Men rapporten peiker også på at maskinlæring kan bidra til at vi sparar energi og gjer løysingane vi brukar, meir miljøvennlege. Til dømes har Google kutta energiforbruket i datasentera monaleg takk vere ein «grøn» algoritme. Kunstig intelligens kan også gjere at vi får meir energi frå vindkrafta.

Som forbrukarar bør vi kanskje utvise digital edruskap, meiner rapporten: Treng vi til dømes HD-video på mobilen?

Og alle dei norske kommunane som drøymer om å bli vert for eit datasenter, kan insistere på at energikjelda er fornybar og klimaavtrykket minimalt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement