Politikk
Digitalisering, oppussing og kvinnestrategi
Kriminalomsorgsdirektoratet er samd i at fengselshelsetenestene, særleg for dei kvinneler, treng eit løft.
Heidi Bottolfs.
Foto: Trygve Indrelid / KDI
Då Sivilombodet var på tilsyn i Bredtveit fengsel i mars i fjor, fekk fengselet mellom anna kritikk for bruken av såkalla samtalelappar som einaste kommunikasjonsmiddel mellom dei innsette og helsetenesta. Vart ein samtalelapp borte, vart det ikkje alltid fanga opp. Men undersøkingane synte òg at timeavtaler i spesialisthelsetenesta kunne gå tapt ved at behandlingsreiser ut av fengselet vart avlyste som følgje av låg bemanning. I tillegg risikerte innsette som måtte flyttast, å få behandlinga i spesialisthelsetenesta avbroten eller forseinka, fordi helsetenesta i den nye sjukehuskretsen vurderte retten til helsetenester annleis enn den førre tenesta.
Desse funna har kriminalomsorga teke konsekvensane av, ifølgje Heidi Bottolfs, avdelingsdirektør i avdeling for førebygging, tilbakeføring og tryggleik i Kriminalomsorgsdirektoratet.
På e-brev til Dag og Tid fortel ho at kriminalomsorga har utvikla ei digital sjølvbeteningsløysing for innsette slik at dei kan ta kontakt direkte med helsetenesta. Ordninga er under utprøving i Agder fengsel, og vil på sikt verte tilgjengeleg for alle fengsla i landet.
– Kriminalomsorga har også dei siste åra pussa opp helseavdelingar ved fleire fengsel, slik at helsetenestene har gode arbeidsvilkår når dei gir helsehjelp til innsette. Ved overføring til andre fengsel eller lauslating er det dei ordinære helsetenestene som må sørgja for vidareformidling av pasientinformasjon som er teiepliktig, og som kriminalomsorga ikkje har tilgang til. Kriminalomsorga samarbeider med ulike tenester i fengsla og vertskommunen for best mogleg å sikre gode lauslatingsprosessar.
– Kva tenkjer KDI om at kvinnelege innsette vert ei stadig sjukare gruppe?
– Studiar viser at kvinnelege innsette har større omfang av psykiske lidingar og rusproblem enn mannlege innsette. Kriminalomsorga har difor laga ein plan for å sikre likeverdige soningsvilkår for kvinner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.