Direktøren svarar

Denne veka gjorde IMDi endeleg vedtak om at stiftinga Født Fri mistar statsstøtta. I dette intervjuet svarar IMDis direktør Libe Rieber-Mohn på nokre spørsmål rundt grunnlaget for vedtaket og prosessen.

Direktør i IMDi Libe Rieber-Mohn svarar på spørsmål rundt granskinga av Født Fri.
Direktør i IMDi Libe Rieber-Mohn svarar på spørsmål rundt granskinga av Født Fri.
Publisert Sist oppdatert

Førre veke hadde Dag og Tid ein omfangsrik artikkel om Født Fri: «Når varsellampar blinkar raudt». Der blei ulike sider ved varslingssaka mot Født Fri, som blir leidd av Shabana Rehman, skildra, kommentert, analysert og kritisert.

Om økonomien til Født Fri skreiv Dag og Tid mellom anna at «det er påvist klare veikskapar i økonomirutinar hos stiftinga. Og at enkelte utgifter står fram som uforholdsmessig høge (som London-turen). Rutinar for godkjenning av faktura og refusjon av reiser ser ikkje solide nok ut. (…) Kanskje revisor ikkje har vore streng nok? Nye granskingar, og det kjem nok slike, vil kanskje gi svar.»

Godt underbygd

Vi trong ikkje å vente lenge. For måndag denne veka kom vedtaket frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i saka. Vedtaket var grunngjeve i den gamle rapporten til konsulentfirmaet Ernst &Young, pluss ein ny tilleggsrapport frå same firma. Her blir kritikken mot økonomistyringa i Født Fri, frå den første rapporten, halden ved lag og spesifisert. Spesielt går kritikken ut på dårleg internkontroll og manglande «allokering» av dei økonomiske midlane til stiftinga, noko som gjer det vanskeleg å følgje med på kva føremål/prosjekt dei har vorte brukte til.

Dag og Tid har, som sist, fått kyndige folk til å sjå på rapporten. Tilbakemeldinga er at kritikken stor sett verkar godt underbygd. Nokre punkt står fram som litt meir usikre. Ernst & Young peikar til dømes på samanblanding av økonomien til Shabana Rehmans private selskap Wanted og økonomien til Født Fri. Men at Rehman har lånt pengar til stiftinga, er vel neppe kritikkverdig, i situasjonen dei var i. Inntrykket av dårleg økonomistyring er likevel styrkt, det er domen frå Dag og Tids gjennomgåing.

IMDis direktør Libe Rieber-Mohn svarar her på spørsmål frå Dag og Tid. Intervjuet gjekk føre seg skriftleg og difor er svara attgjevne på bokmål. På grunn av tidspress var det ikkje rom for oppfølgingsspørsmål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement