Kommentar
Dnipro-elva som våpen
Store område i Sør-Ukraina vil bli heilt endra etter sprenginga av Kakhovka-demninga denne veka. For det låge deltalandet kring byen Kherson kan sprenginga bli ein katastrofe.
Eit bustadområde ved elva nedanfor den øydelagde demningen i Nova Kakhovka i Kherson i Ukraina fotografert 7. juni.
Foto: Vladyslav Smilianets / Reuters / NTB
Korleis Kakhovka-demninga blei øydelagd natt til tysdag denne veka, vil det antakeleg ta lang tid å oppklara. I skrivande stund er det ikkje lagt fram noko prov på kven det var som stod bak.
Ein del spor peiker likevel mot den russiske militære leiinga, mellom anna at sprenginga må ha blitt utført av den militærmakta som har kontroll over området.
Det som tyder på at ukrainarane ikkje står bak, er at dei ikkje har nokon fordel av det som skjer. Samstundes som den ukrainske hæren (sannsynlegvis) er i ferd med å setja i gang den store vår- og sommaroffensiven, får styresmaktene i landet no ei stor oppgåve med å berga unna sivile frå vatnet som strøymer ut nedanfor den øydelagde demninga. Om ein skal peika ut gjerningsmann ut frå kven det er som har nytte av eit brotsverk, går tankane difor i éi bestemt retning.
Dnipro som våpen
Kanskje var det berre eit spørsmål om kva tid ein av partane i krigen ville gå i gang med å nytta eitt av dei eldste våpena som menneska har brukt i krigføring, nemleg vatn. Og diverre er det slik at elva Dnipro, eller Dnjepr, som ho er betre kjent som i Noreg, eignar seg fantastisk godt som eit våpen, om ein då er kynisk nok.
Stalin synte det i august 1941, då tyskarane nærma seg elva. Den enorme demninga ved byen Zaporizjzja blei sprengd, og vatnet i reservoaret strøymde nedover. Operasjonen gjorde lite for å stansa den tyske framrykkinga; dei gjekk over Dnipro lenger mot nord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.