Kommentar
Dødeleg tortur
Isolasjon, straffarbeid og tortur har lang tradisjon i Russland. Men no er det få som tør å seie ifrå om uretten.
Teikning: May Linn Clement
Kvar er Navalnyj? Støttespelarane til den fremste kritikaren av russiske styresmakter slo alarm 12. desember i fjor, etter at dei ikkje hadde høyrt frå Aleksej Navalnyj på seks dagar. Sist han vart sett, hadde han kjent seg dårleg og svima av på ein benk i fengselet der han sona, i Vladimir fylke ikkje langt frå Moskva. No frykta dei for livet til den tidlegare opposisjonspolitikaren.
25. desember dukka han opp att i ein straffekoloni i Sibir, 1200 mil nord frå Moskva. På X-kontoen sin fortalde Navalnyj at reisa hadde tatt nesten tre veker, og at ruta var så innvikla at han ikkje rekna med at nokon ville klare å spore han opp før midten av januar. Gjennom advokaten takka han alle som hadde uroa seg for han, og fleipa med at han var den nye polarjulenissen.
Nedbryting
Humor vart eit av Aleksej Navalnyjs viktigaste verktøy mot undertrykkinga i fengselet. Men forholda han sona under, var ikkje til å spøke med. Navalnyj reflekterte sjølv over om det at han ofte gjorde narr av å sitje i isolasjon i straffecella (russisk forkorting: sizo), kanskje hadde gjort at folk tenkte det var rein rutine.
Å bli send til sizo er som å sone i eit fengsel i fengselet. Ei isolert straffecelle utan sollys eller frisk luft der ein ikkje har kontakt med andre enn fengselsvaktene utanfor. Rommet er på nokre få kvadratmeter, omkransa av mørke, kalde murveggar, ein brisk, ein vask og eit hol til å gå på do. Ekstrem kulde eller varme øydelegg ofte helsa til den innsette. Den uavhengige nettportalen MediaZona skriv at målet med sizo er å bryte ned menneske som sit der, mentalt og fysisk.
Ekstrem kulde
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.