Utanriks
Donald Trump mobiliserte veljarar ved hjelp av ordkraft og ideologi, meiner USA-kjennar Gjermund Stenberg Eriksen.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Onsdag morgon vart det klart at Donald Trump, med klar margin, er vald til den 47. presidenten i USA. Korleis vil du forklare resultatet?
– At Trump har vunne valet med dei sterke kommunikative evnene sine, som mange av oss har åtvara om at vi ikkje måtte undervurdere. Det er ikkje noko magisk annleis eller rart med halvparten av dei amerikanske veljarane. Det magisk annleise og rare ligg i den evna Trump har til å få veljarane til å tenkje, føle og verte motiverte av andre ting enn for ni–ti år sidan. Det er Trump som er forklaringa på at valet går som det går. Det er mange grunnar til at folk går og røystar, men dette valet har handla om mobilisering. Trump har klart å mobilisere fleire enn mange hadde trudd han skulle klare.
– Ifølgje veljarundersøkinga til The Associated Press svarer så mange som 39 prosent at økonomi var den viktigaste saka for dei, og 20 prosent svarer innvandring. Langt færre svarer abort (11 prosent), helse (8 prosent) og klima (7 prosent). Endå færre svarer rasisme og utanrikspolitikk. Kan det ikkje vere her vi finn forklaringa på at Trump vart vald?
– Dei politiske sakene har vore til sterk fordel for Trump – det gjeld både økonomi og innvandring. Så ja, eg trur sakene har spelt inn, men det er evna hans til å utnytte dei som er hovudforklaringa på at han vinn valet. Den gjentakande kommunikasjonen om at folk hadde betre økonomi for fire år sidan, har verka mobiliserande.
– Kor viktig trur du at den meir djuptliggjande protesten mot det demokratiske partiet og det såkalla «systemet» har vore?
– Eg trur at trumpismen og Maga-rørsla har vore viktigast. Trump vinn med sin ideologi og kommunikasjon. I amerikanske presidentval skil ein gjerne mellom change og choice. Skal ein velje den som sit med makta, eller utfordraren? I dette valet har det vore konkurranse om kven som skulle vere change-kandidaten. Trump vann den konkurransen. At inflasjonen og politikken under Biden har vore upopulær, har vore ein openberr grunn til at folk ønskjer change. Det er misnøye med økonomi, misnøye med innvandring, med abortpolitikk og med systemet. Trump har misnøye som sin strategi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.