Draugen på doSaka om «jentetrenden» med å late springvatnet renne på offentlege toalett har utløyst ein nasjonal debatt om dovanar.

Saka om «jentetrenden» med å late springvatnet renne på offentlege toalett har utløyst ein nasjonal debatt om dovanar.

Eg har forstått at draugen ikkje finst på det djupe, ville havet lenger.
Eg har forstått at draugen ikkje finst på det djupe, ville havet lenger.
Publisert

Utanfor fellestoalettet på den gamle barneskulen min har det danna seg ein ørliten kø.

Så går nøkkelen rundt i døra, det raude feltet i låsen vert kvitt og ei klasseveninne av meg kjem gåande ut.

– Vart du teken av dodraugen, eller?

Klasseveninna slår blikket ned i linoleumen og vert raud i kinna. Medeleven som har slengt ut kommentaren, ler, og to andre smiler nervøst. Den neste jenta i køen slår på vatnet i vasken først. Ho stengjer av springen når ho går.

Men det gjer ein ikkje i 2018. I Kvinnherad har eit kjøpesenter fått vasskadar. Senterleiaren meiner det er fordi unge jenter laét kranene renne når dei vitjar toalettet. Dei vil døyve lydane frå både seg sjølv og andre. Sjølv om vasskadane på kjøpesenteret truleg er slagmarka etter ein vasskrig, og ikkje tissetrengde jenter, har fleire stadfesta at «dotrenden» stemmer. Ei 17 år gammal jente seier at dette er noko «alle» jenter gjer. Dei er livredde for å verte høyrde og opnar kranene automatisk. Til slutt fløymer det over. Førre fredag stod underetasjen på senteret i to centimeter med vatn, seier senterleiaren til NRK. Sjølv om lufttørkaren stod på i fleire dagar, stod ikkje golvet til å redde.

– Gutar er òg redde for å gå på do, skriv rikskringkastaren seinare den same veka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement