Draumen om nattog

– Det vil vere betre for Noreg på sikt å sørgje for at me har gode nattog, både i Noreg og ut til Europa, seier Pernille Bonnevie Hansen.

Innan 2030 skal det vere mogleg å ta nattog frå Oslo til København, og kanskje vidare til Hamburg.
Innan 2030 skal det vere mogleg å ta nattog frå Oslo til København, og kanskje vidare til Hamburg.Innan 2030 skal det vere mogleg å ta nattog frå Oslo til København, og kanskje vidare til Hamburg.
Publisert

I det reviderte nasjonalbudsjettet er det vedteke nattog frå Oslo til København innan 2030. Pernille Bonnevie Hansen er nestleiar i Naturvernforbundet og moderator i Facebook-gruppa Togreiser.

– Gruppa er i kraftig vekst, og me er oppe i 70.000 medlemmer. Sida vår har stor aktivitet. Det og veksten tyder på at mange byrjar reise med tog no. Dei har mange spørsmål, så me er i medvind.

– Fram til tidleg på 2000-talet kunne me vakne opp i storbyar som Hamburg og København. Kvifor slutta ein å tilby dette?

– Eg rakk diverre aldri å ta nattoget sjølv, men kvifor leggje ned desse rutene? Det var ei uheldig følgje av utbygginga av Øresundsbrua, som gjorde det teknisk krevjande å halde fram med dei same toga mellom Sverige og Danmark, samstundes som bilturen vart korta inn. Det var mange nattog som vart lagde ned på den tida, både i Noreg og Europa. Det var utslagsgivande at det vart dramatisk mykje billegare å fly. Paradoksalt nok i Europa handla det også om at ein fekk snøggtog. Dette gjorde at fleire valde toget, men det tok også bort ein del nattog.

– Er det realistisk å få nattog innan 2030, slik Stortinget har vedteke?

– Absolutt. Og det er mogleg å få det til raskare dersom ein berre ser på sporkapasiteten. Utfordringa er mangel på togmateriell. Der heng me bakpå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement